Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk

Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
20 dager siden
Jobbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor (innstegsstilling) i eksperimentell tungionefysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) er det ledig ei innstegsstilling som postdoktor i eksperimentell tungionefysikk, knytt til NorCC-prosjektet finansiert av Norges Forskningsråd. Stillinga er for ein åremålsperiode på seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som førsteamanuensis ved slutten av tilsetjingsperioden.

Om innstegsstillinga

Ordninga med tilsetjing på innstegsvilkår skal bidra til å rekruttere særs dyktige kandidatar til faste vitskapelege toppstillingar. For den rette kandidaten vil dette vere eit godt høve til å sikre seg ei akademisk karriere i fast stilling. Den som vert tilsett vil ha oppgåver knytt til undervisning, formidling av resultat og administrasjon. Delen av stillinga knytt til desse oppgåver avheng av kandidatens kvalifikasjonar og instituttet sitt behov, og vert avgjort i samråd med instituttleiar ved tilsetjing.

Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

  • For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon. Dersom søkaren enno ikkje har forsvart doktorgraden sin ved søknadstidspunktet, må graden vere oppnådd innan .
  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i løpet av tredje året
  • Ei sluttevaluering skal utførast innan utgangen av det femte året
  • Fast tilsetjing som førsteamanuensis avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering
  • Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå.

Utfyllande informasjon om vilkår for innstegsstilling finn du lengre nede i utlysingsteksten.

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Norges Forskningsråd. Eksperimenta ved Large Hadron Collider (LHC) på CERN samlar no inn data fram til 2026, før maskinen og eksperimenta vert oppgraderte, og data frå dei oppgraderte eksperimenta har potensial til banebrytande resultat innan kjerne- og partikkelfysikk. Tungionegruppa ved IFT tek del i ALICE-eksperimentet, og kandidaten skal arbeide innan analyse og tolking av data registrert av ALICE i Run 3. ALICE tek sikte på å kunne karakterisere kvark-gluon-plasma ved hjelp av gode system for partikkelidentifikasjon ved låg og mildare rørslemengd. Spesielt gjeld det studium av sjeldne signal, blant anna partiklar som inneheld tunge kvarkar ("heavy flavours").

Primærfokus for den norske ALICE-aktiviteten i Run 3-perioden er kvantitative studium av partonisk materie som blir danna i tidlege fasar av tungionekollisjonar og dessutan innverknad av kalde kjernematerie-effektar, ved å ta i bruk sjeldne signal som inneheld tunge kvarkar, særleg "charmonia". Andre analysetema kan vere gjennomtrengande partiklar som fotoner og "jets", samt ultraperifere kollisjonar. Denne stillinga er primært retta mot studium av "charmonium"-produksjon ved midt-rapiditet, målt i di-elektron-kanalen, no med tilgjengelege data frå høgaste LHC-energi.

Sjølv om det er planar for drift av LHC i dei neste 20 åra går det no føre seg viktige diskusjonar om kva som skal bli dei framtidige eksperimenta. I denne samanheng er det venta at kandidaten tek del i strategisk arbeid i ALICE kollaborasjonen og innan CERN-relatert forsking generelt. Det er også forventa at kandidaten arbeider saman med detektor- og elektronikkmiljøa ved instituttet for å vidareutvikle forskingsmiljøet.

Kandidaten vil ha base i Bergen, men må rekne med å bruke tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell tungionefysikk / høgenergi subatomær fysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå arbeid i store eksperiment / kollaborasjonar er eit krav.
  • Kunnskap om ALICE-analyse, programvare og programmering er eit krav.
  • Vitskapleg profil i tråd med aktivitetane i dei norske ALICE-gruppene (skissert ovanfor) er eit krav.
  • Språkkunnskap i norsk (eller eit anna skandinavisk språk) er ein fordel, men ikkje eit krav. Den som vert tilsett må imidlertid kunne undervise på norsk innan fire år etter tiltreding. Norskopplæring vil bli tilbydd.
  • Gode kunnskapar i programmering med erfaring frå data-analyse og / eller simulering er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

    Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

    Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

    Generell informasjon

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til :

    Instituttleiar Kjetil Ullaland, ,

    Prof. Dieter Röhrich, ,

    Prof. Joakim Nystrand, ,

    For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, ,

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

    Nærare om tilsettingsprosessen her .

    Krav for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved utløp av åremålsperioden

    Arbeidsavtalen og utlysingstekst fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som førsteamanuensis.

    I tillegg må følgjande krav må vere oppfylte for å få fast tilsetjing :

    Krav til utdanningsfagleg kompetanse

    Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis går fram av forskrift til universitets- og høyskoleloven § 3-6 og § 3-8, og Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB . Ved UiB er kravet om grunnleggande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå concretisert ved at følgjene skal dokumenterast på bakgrunn av egen undervisning / rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning :

  • Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing
  • Evne til å reflektere over egen rolle, samt diskutere og grunngje eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • Universitetspedagogisk basiskompetanse

    Kravet i forskrifta inneber at kompetansekravet kan oppnåast enten ved at søkaren har gjennomført eit eige program på minimum 200 timar, eller kan dokumentere kompetansen gjennom ei kombinasjon av relevante kurs og eigen praktisk undervisning som kan vurderast å tilsvara eit program på minimum 200 timar.

    UiB tilbyr kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse for nytilsette i vitskapelege stillingar. Kurset består av tre obligatoriske emnar og minst tre valfrie emnar (til samen 200 timer).

    Døme på dokumentasjon

    Vurderinga av om disse kompetansekrava er oppfylt, kan bygge på dokumentasjon av følgjande :

  • Gjennomførte kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse eller tilsvarande
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning med utgangspunkt i emnets beskrivingar av læringsutbyte
  • Forskingsrettleiing på ulike nivå
  • Utprøving av ulike former for vurdering, læring og undervisning, irekna digitale, for å auke studentanes læringsutbytte
  • Evne til å grunngi eiget lærings- og kunnskapssyn og forholda seg reflekterande til eigen lærarrolle
  • Innhenting og bruk av tilbakemeldingar frå studentar, kollegar og samfunnet til å utvikle undervisnings- og læringsprosessar
  • Evne til å analysere, utarbeide og vidareutvikle emnebeskriving og studieprogram
  • Pålegg om å oppfylle krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis

    Der søker til førsteamanuensisstilling ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, skal vurderingskomiteen beskrive kva som står att. Søkaren vil da bli pålagt å oppfyre krava innan to år frå tilsetjing som førsteamanuensis.

    Krav til tilsette i innstegsstilling som postdoktor

    I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast førsteamanuensisstilling. Innan tre år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om førsteamanuensiskompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som førsteamanuensis.

    Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.

    Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som førsteamanuensis.

    For å få fast tilsetjing som førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi (jamfør forskrift til universitets- og høyskoleloven § 3-6 og § 3-8, og Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB ) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis, som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.

    Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.

    Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Postdoktor • Bergen, Vestland, Norge

    Relaterte jobber
    • Forfremmet
    Stipendiat ved Klinisk institutt 1

    Stipendiat ved Klinisk institutt 1

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Ved D...Vis merSist oppdatert: 20 days ago
    • Forfremmet
    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Sente...Vis merSist oppdatert: 30+ dager siden
    • Forfremmet
    Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

    Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Sente...Vis merSist oppdatert: 20 days ago
    • Forfremmet
    Seniorforsker / prosjektleder innen miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger

    Seniorforsker / prosjektleder innen miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger

    ArbeidsplassenBrønnerud, Akershus, Norge
    Vi søker en merittert seniorforsker innenfor området miljøgifter, sirkulær økonomi og bærekraftige løsninger.NOK), og du må ha solid vitenskapelig produksjon (h-index anslagsvis > .Arbeidssted vil v...Vis merSist oppdatert: 12 days ago
    • Forfremmet
    Tanntekniker hos Proteket Bergen

    Tanntekniker hos Proteket Bergen

    ORIS Dental Holding ASBergen, Vestland, Norge
    Vi har en ledig fast stilling ved vår avdeling i Bergen.Proteket Bergen har i dag 12 dedikerte medarbeidere og holder til i sentrum av Bergen. Ferdigstille og kvalitetssikre konvensjonell og implant...Vis merSist oppdatert: 4 days ago
    • Forfremmet
    Stipendiat 3 år (100 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

    Stipendiat 3 år (100 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Om prosjektet / arbeidsoppgåver : .Utforme og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av prosjektet om erfaringane til personar som søkjer abort i andre trimester og til helsepersonell som g...Vis merSist oppdatert: 20 days ago
    • Forfremmet
    Forsker 1109 i turbidittsedimentologi

    Forsker 1109 i turbidittsedimentologi

    Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Ved Institutt for geovitenskap er det l...Vis merSist oppdatert: 17 days ago
    • Forfremmet
    Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap

    Postdoktor i multifunksjonalitet i landbrukslandskap

    Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
    Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet v...Vis merSist oppdatert: 17 days ago
    • Forfremmet
    Overlege - Patologi

    Overlege - Patologi

    ArbeidsplassenSarpsborg, Østfold, Norge
    Ansettelse kan skje før søknadsfristen utløper.Supervisjon og veiledning av leger i spesialisering.Bidrag inn mot kliniske studier. Erfaring fra flere av følgende faggrupper : Hudpatologi, Gynekologi...Vis merSist oppdatert: 20 days ago
    • Forfremmet
    Instituttleder – Institutt for parakliniske fag - 25 / 01086

    Instituttleder – Institutt for parakliniske fag - 25 / 01086

    ArbeidsplassenÅs, Akershus, Norge
    Instituttleder – Institutt for parakliniske fag.Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU).Instituttleder – Institutt for parakliniske fag - 25 / 01086. Ved NMBU, Veterinærhøgskolens Instit...Vis merSist oppdatert: 9 days ago
    • Forfremmet
    Stipendiat (4 år) ved Klinisk institutt 1

    Stipendiat (4 år) ved Klinisk institutt 1

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Stipendiat (4 år) ved Klinisk institutt 1.UiB - Kunnskap som formar samfunnet.Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd p...Vis merSist oppdatert: 20 days ago
    • Forfremmet
    Overlege - Patologi

    Overlege - Patologi

    Helse Sør-øst RHFSarpsborg, Østfold, Norge
    Seksjonen inngår som en del av Senter for laboratoriemedisin.Seksjonen har et variert repertoar.Senter for laboratoriemedisin, seksjon for genteknologi samarbeider tett med seksjon for patologi og ...Vis merSist oppdatert: 22 days ago
    • Forfremmet
    Forsker (Kvinnehjertet)

    Forsker (Kvinnehjertet)

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit mellombels stilling som forskar (100 %) i 2 år frå.Stillinga er eksternt finansiert, og er for tida knytt til prosjekt.Gjennom eit...Vis merSist oppdatert: 4 days ago
    • Forfremmet
    • Ny!
    Prosjektstilling som Laboratoriemedarbeider - prøvemottak og innregistrering

    Prosjektstilling som Laboratoriemedarbeider - prøvemottak og innregistrering

    EurofinsBergen, Vestland, Norge
    Eurofins Scientific er et internasjonalt biovitenskapelig selskap som leverer et unikt utvalg av analysetjenester til kunder på tvers av flere bransjer for å gjøre livet og miljøet vårt tryggere, s...Vis merSist oppdatert: 6 timer siden
    • Forfremmet
    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    Ph.d.-stipendiat i fjernmåling og maskinlæring

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    UiB - Kunnskap som formar samfunnet.Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil...Vis merSist oppdatert: 20 days ago
    • Forfremmet
    Forskar 1109 i turbidittsedimentologi

    Forskar 1109 i turbidittsedimentologi

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i sedimentologi.Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til finansiering frå Petrolia NOCO.Dette prosjektet ...Vis merSist oppdatert: 17 days ago
    • Forfremmet
    Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i idrett / fysisk aktivitet

    Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i idrett / fysisk aktivitet

    Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
    Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har ster...Vis merSist oppdatert: 1 dag siden
    • Forfremmet
    Spesialtannlege (protetikk)

    Spesialtannlege (protetikk)

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Vil du vere med å forme framtida?.Ved D...Vis merSist oppdatert: 9 days ago
    • Forfremmet
    Stipendiat i algoritmisk talteori og kryptografi

    Stipendiat i algoritmisk talteori og kryptografi

    ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
    Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisnin...Vis merSist oppdatert: 2 days ago
    • Forfremmet
    Oralkirurg

    Oralkirurg

    ArbeidsplassenGressvik, Viken, Norge
    Tannlegeavdeling på Helseklinikken Fredrikstad består av 5 godt erfarne tannleger og en oralkirurg som snart slutter pga videre utdanning. Vi søker nå etter en ny tannlegespesialist i oral kirurgi o...Vis merSist oppdatert: 20 days ago