Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Forsker 1109 i turbidittsedimentologi

Forsker 1109 i turbidittsedimentologi

Byggmakker Norge ASBergen, Vestland, Norge
18 dager siden
Jobbeskrivelse

Oversikt

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar. Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei mellombels stilling som forskar i sedimentologi. Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til finansiering frå Petrolia NOCO. Dette prosjektet handlar om kjernestudiar og 3D-seismisk tolking av turbiditt-sandsteinar i Draupneformasjonen i Tampenutstikkar-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Dei viktigaste måla er å :

  • betre forståinga av sandkroppar i Draupneformasjonen for å gjere meir påliteleg reservoarmodellering.
  • utvikle nyskapande leitestrategiar.
  • tolking av brønnloggar og pluggdata.
  • integrasjon av data frå kjerner, brønnloggar og seismikk.

Ansvarsområde

  • Utføre kjernestudiar og 3D-seismisk tolking av turbiditt-sandsteinar i Draupneforma­sjonen.
  • Bidra til utvikling av reservoarmodellering basert på data frå kjerner, brønnloggar og seismikk.
  • Delta i prosjektarbeid og samarbeid med finansieringspartnarar og instituttet.
  • Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor sedimentologi.
  • Erfaring med turbidittsedimentologi er eit krav.
  • Erfaring med detaljert kjerneanalyse er eit krav.
  • Erfaring med 3D-seismisk tolking, inkludert seismisk attributtanalyse og spektral dekomponering er eit krav.
  • Søkjarar må kunne dokumentere at dei har evne til å publisere vitskaplege artiklar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

    Særeigne krav for stillinga

    UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som forskar (kode 1109 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn på kr. ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • Søknad og vedlegg med attestert omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Professor Christian Haug Eide , Institutt for geovitenskap, .

    Likestilling og mangfald

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Forsker • Bergen, Vestland, Norge