Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Stipendiat i algoritmisk talteori og kryptografi

Stipendiat i algoritmisk talteori og kryptografi

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
3 dager siden
Jobbeskrivelse

Overview

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i algoritmisk talteori og kryptografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til FRIPRO-prosjektet “Integer Factorization and Related Cryptographical Problems” som er finansiert av NFR og startar 1. oktober 2025.

Prosjektet omhandlar studiet av fleire algoritmiske problem innan talteori, kryptografi og kompleksitetsteori. Spesielt vil det vere fokus på heiltalsfaktorisering, delmengdesummen og problemet med kortaste vektor. Stillinga er ein del av eit lite team som arbeider med utvikling og optimalisering av algoritmar for desse problema, samt bevis for teoretiske kompleksitetsgrenser. Vanlege arbeidsoppgåver inkluderer :

Om prosjektet / arbeidsoppgåver

  • Utvikling av idear for forbetring av eksisterande eller oppretting av nye algoritmar
  • Koding av algoritmar og gjennomføring av eksperimenter
  • Å halde seg oppdatert på aktuell faglitteratur

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk eller informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Sterk interesse for algoritmisk talteori og / eller kryptografi er eit krav.
  • Erfaring med programmering er ein fordel
  • Erfaring med utvikling og koding av matematiske algoritmar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

    Særeigne krav for stillinga

    UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

    For stillinga gjeldt følgande

    Om stipendiatstillinga : Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur / tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

    Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

    Om forskarutdanninga : Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

    Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr.Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet )
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

    Generell informasjon

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til :

    Markus Hittmeir, Data Scientist ved NORCE Analytics på eller Lilya Budaghyan, professor ved Institutt for informatikk, på @uib.no .

    For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rågjevar Maria Svåsand ( , )

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Vi oppmodar kvinner / menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi opmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positif samabeidsamt, og vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

    Nærare om tilsettingsprosessen her.

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Algoritmisk Talteori • Bergen, Vestland, Norge