Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Stipendiat 3 år (100 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Stipendiat 3 år (100 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
22 dager siden
Jobbeskrivelse

Om prosjektet / arbeidsoppgåver :

  • Utforme og gjennomføre eit doktorgradsprosjekt innanfor ramma av prosjektet om erfaringane til personar som søkjer abort i andre trimester og til helsepersonell som gir denne typen omsorg.
  • Bidra til utvikling av vitskaplege publikasjonar og formidling av forskingsfunn til både akademiske og ikkje-akademiske målgrupper.
  • Delta aktivt i prosjektgruppa og i forskingsmiljøet ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, inkludert forskargruppa Global helseantropologi.

Kvalifikasjonar og eigenskapar :

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i samfunnsvitskaplege fag (til dømes sosialantropologi, sosiologi, kjønnsstudiar) eller innan helsefag (til dømes helsevitskap, folkehelse, medisin, jordmorfag, sjukepleie). Det er òg mogleg å søkje med bakgrunn frå tilgrensande fagområde, dersom ein kan vise til tematisk relevans for prosjektet.
  • Kjennskap til norsk helsevesen vil vere ein styrke
  • Erfaring frå arbeid med sårbare grupper vil telje positivt
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk (eller anna skandinavisk språk) og engelsk (sjå dokumentasjonskrav) er naudsynt
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

    Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

    Sjå også krav om dokumentasjon av engelskkunnskapar :

    For stillinga gjeldt følgande :

    Forskarutdanning (ph.d.-programmet) : Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innanfor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

    Stipendiatstilling : Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

    Vi tilbyr :

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlege-stilling er løn for tida kr 585 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 605 000.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde :

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Prosjektskisse (inntil fem sider, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskaplege prosjektet
  • Litteraturliste for prosjektskissa
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved HK-dir si generelle vurdering om utdanningasamsvarar med norsk mastergrad. Sjå hkdir.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

    Generell informasjon :

    Prosjektskildringa til Reproductive Interfaces : Politics, Power and Patient Care in a Norwegian Welfare State, samt nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Marte E. S. Haaland, , tlf :

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Stipendiat Institutt • Bergen, Vestland, Norge