Du har evne til å sjå heilskap og moglegheitene innan teknologiområdet, og bidreg til utvikling og forvaltning av moderne IKT-system, teknologiplattformer og medisinsk utstyr - både i og utanfor sjukehus.
Kva går jobben ut på?
Kva ser vi etter hos deg?
Vil du vere med og forme framtidas teknologiske tenester i Helse Fonna?
Vi søkjer ein strategisk og løysingsorientert leiar som skal etablere og utvikle ei ny avdeling for IKT, teknologi og medisinsk utstyr. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med og bygge framtidsretta tenester som støttar pasienttryggleik, fagleg utvikling og effektiv ressursbruk.
Du har evne til å sjå heilskap og moglegheitene innan teknologiområdet, og bidreg til utvikling og forvaltning av moderne IKT-system, teknologiplattformer og medisinsk utstyr - både i og utanfor sjukehus.
Om stillinga
Som avdelingsleiar hos oss vil du leie kompetente fagmiljø som arbeider med systemutvikling, medisinsk teknikk, drift og sikkerheit. Du evnar å jobbe tverrfagleg og på tvers av klinikkar og nivå i Helse Fonna. Du vil også samarbeide tett med toppleiinga, særleg fagdirektøren, i arbeidet med den regionale digitaliseringsstrategien.
Du får ansvar for å etablere og leie ei avdeling som skal levere moderne og driftssikre teknologiløysingar til heile føretaket. Du vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle organisasjonen og sikre at teknologien støttar Helse Fonnas strategiske mål.
Stillinga er organisert i Klinikk for medisinske tenester og beredskap, og rapporterer til klinikkdirektør.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du :
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingvill Hystad Kyvik, Klinikkdirektør medisinske tenester og beredskap,
Andreas Andreassen, Fagdirektør,
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon :
Andreas Andreassen
#J-18808-Ljbffr
Avdelingsleiar • Haugesund, Rogaland, Norge