Talent.com
This job offer is not available in your country.
Avdelingsleiar

Avdelingsleiar

ArbeidsplassenHaugesund, Rogaland, Norge
16 days ago
Job description

Du har evne til å sjå heilskap og moglegheitene innan teknologiområdet, og bidreg til utvikling og forvaltning av moderne IKT-system, teknologiplattformer og medisinsk utstyr - både i og utanfor sjukehus.

Kva går jobben ut på?

  • Sikre god overgang for medarbeidarane
  • Ivareta Helse Fonna sine behov i regionale prosjekt og samarbeid
  • Bidra til strategisk utvikling av teknologi i føretaket
  • Erfaring med kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid er ønskeleg
  • Evne til å drive utvikling og fornying av verksemda

Kva ser vi etter hos deg?

  • er strukturert og har god evne til å planlegge og prioritere
  • evner å motivere og inspirere
  • har sterk gjennomføringsevne
  • Løn etter avtale
  • Vil du vere med og forme framtidas teknologiske tenester i Helse Fonna?

    Vi søkjer ein strategisk og løysingsorientert leiar som skal etablere og utvikle ei ny avdeling for IKT, teknologi og medisinsk utstyr. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med og bygge framtidsretta tenester som støttar pasienttryggleik, fagleg utvikling og effektiv ressursbruk.

    Du har evne til å sjå heilskap og moglegheitene innan teknologiområdet, og bidreg til utvikling og forvaltning av moderne IKT-system, teknologiplattformer og medisinsk utstyr - både i og utanfor sjukehus.

    Om stillinga

    Som avdelingsleiar hos oss vil du leie kompetente fagmiljø som arbeider med systemutvikling, medisinsk teknikk, drift og sikkerheit. Du evnar å jobbe tverrfagleg og på tvers av klinikkar og nivå i Helse Fonna. Du vil også samarbeide tett med toppleiinga, særleg fagdirektøren, i arbeidet med den regionale digitaliseringsstrategien.

    Du får ansvar for å etablere og leie ei avdeling som skal levere moderne og driftssikre teknologiløysingar til heile føretaket. Du vil ha ei nøkkelrolle i å utvikle organisasjonen og sikre at teknologien støttar Helse Fonnas strategiske mål.

    Stillinga er organisert i Klinikk for medisinske tenester og beredskap, og rapporterer til klinikkdirektør.

    Kva går jobben ut på?

  • Etablere og organisere avdelinga i samarbeid med fagmiljø og klinikkdirektør
  • Sikre god overgang for medarbeidarane
  • Ivareta Helse Fonna sine behov i regionale prosjekt og samarbeid
  • Bidra til strategisk utvikling av teknologi i føretaket
  • Skape eit godt arbeidsmiljø og levere tenester av høg kvalitet
  • Drive kontinuerleg forbetringsarbeid og bidra til økonomisk berekraft
  • Legge til rette for god rekruttering og bruk av lærlingar
  • Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Høgare utdanning innan IKT, teknologi eller tilsvarande (gjerne mastergrad)
  • Leiarerfaring med personalansvar er ønskeleg
  • Erfaring med kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid er ønskeleg
  • Kjennskap til medisinsk utstyr og teknologiforståing innan helsesektoren er ein fordel
  • Evne til å drive utvikling og fornying av verksemda
  • Kva ser vi etter hos deg?

    Hos oss er det viktig at du :

  • byggjer tillit og gode relasjonar gjennom samarbeid
  • er strukturert og har god evne til å planlegge og prioritere
  • evner å motivere og inspirere
  • har sterk gjennomføringsevne
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd

    Kvifor skal du velje oss?

  • Ei spennande leiarstilling med stor påverknadskraft
  • Moglegheit til å bygge opp ei ny avdeling og forme organisering, strategi og kultur
  • Eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
  • Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Ingvill Hystad Kyvik, Klinikkdirektør medisinske tenester og beredskap,

    Andreas Andreassen, Fagdirektør,

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon :

  • Arbeidsgivar : Helse Fonna HF
  • Referansenr. :
  • Stillingsprosent : 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist :
  • Andreas Andreassen

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Avdelingsleiar • Haugesund, Rogaland, Norge