Stipendiat (4 år) ved Klinisk institutt 1
Om prosjektet
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video : Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 1 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremjande arbeid, eller i inntil 4 månader etter oppnådd ph.d.-grad dersom graden blir fullført på kortare tid. Stillinga inneber 25 % karrierefremjande arbeidsoppgåver som undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, avhengig av behov ved instituttet. Stillinga er knytt til prosjektet “NorHEAD”, finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet
Hovudpine er ei stor global helseutfordring. Over ein milliard menneske verda over har primære hovudpinesjukdomar som migrene, spenningshovudpine og klasehovudpine. Desse tilstandane er blant dei vanlegaste og mest funksjonsnedsettande nevrologiske lidingane globalt, og dei inneber ein betydeleg byrde for enkeltpersonar, helsevesen og samfunnet.
I dette prosjektet har vi etablert omfattande databasar som kombinerer landsdekkjande norske helse- og sosioøkonomiske registerdata, biobankar og pasientrapporterte data. Ved å bruke avanserte epidemiologiske metodar, kausal analyse og maskinlæringsteknikkar, er måla våre å :
Vil du vere med på eit banebrytande tverrfagleg forskingsprosjekt i skjæringspunktet mellom berekningsvitskap, epidemiologi og nevrologi?
Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen, inviterer til å søkje på ei fulltids (100 %) stilling som stipendiat. Stillinga er ein del av prosjektet Understanding Headache Through Registry Data – A NorHEAD–MiHEAD project, under paraplyen til Nasjonalt senter for hovudpineforsking (NorHEAD). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Les meir på norhead.org
Internasjonalt og samarbeidsorientert miljø
Stillinga gir ei unik moglegheit til å arbeide i eit høgt tverrfagleg og samarbeidsorientert miljø. Prosjektet inneber tett samarbeid med andre stipendiatar, postdoktorar og seniorforskarar, både nasjonalt og internasjonalt. Våre samarbeidspartnarar inkluderer leiande forskingsgrupper i Storbritannia, Danmark og Spania – inkludert den verdskjende High-Dimensional Neurology Group ved UCL Queen Square Institute of Neurology i London. Den som får stillinga, vil ha arbeidsstad ved Universitetet i Bergen, i eit stimulerande akademisk miljø med framifrå forskingsinfrastruktur og tilgang til høgkvalitets nasjonale datakjelder.
Om prosjektet / arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein engasjert og motivert PhD-stipendiat til eit tverrfagleg forskingsprosjekt som nyttar store nasjonale helse- og sosioøkonomiske register, databasar og biobankar. Målet med prosjektet er å undersøkje kva behandlingar som verkar best og er tryggast for pasientar med hovudverk, kva medisinske, medfødde og miljømessige faktorar som er knytte til utvikling av hovudverk, og korleis hovudverk påverkar samfunnsøkonomien i Noreg.
Prosjektet tek i bruk avanserte metodar innan epidemiologi, kausal inferens, genetisk epidemiologi og maskinlæring.
Som PhD-stipendiat i prosjektet vil du :
Du vil bli del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø med gode høve for fagleg utvikling og nettverksbygging.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar :
Forskarutdanning (ph.d.-programmet)
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr
Søknaden skal innehalde
Generell informasjon :
Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved åkontakte leder av NorHEADs registerforskningsprogram, professor Marte-Helene Bjørk, e-post : , telefon : . Les meir om NorHEAD her :
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåva våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærmare om tilsettingsprosessen her .
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video : Stipendiat
Stipendiat Institutt • Bergen, Vestland, Norge