Avdeling for urologi har ledig 2 vikariat i 6-12 månader for lege i spesialisering i urologi med oppstart hhv. 1.oktober 2025 og primo januar 2026. Vikariat kan telle som del av spesialistutdanninga. Vi ser etter deg som har frå noko til omfattande erfaring innan urologi, og som ønsker å arbeide i eit spennande og krevande læringsmiljø.
Det er 4 andre avdelingar i Kirurgisk klinikk; Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi, Avdeling for gastrokirurgi, Avdeling for karkirurgi og Avdeling for plastikkirurgi og brannskade. Alle avdelingane samarbeider på tvers.
Pasientane våre kjem frå lokal- og regionalområdet i Helse Vest. Avdeling for Urologi har 13 overlegar og 8 legar i spesialisering, i tillegg til LIS1. Urologiske LIS utgjer eit vaktsjikt saman med LIS frå avdeling for Bryst- og endokrinkirurgi. På vakttid har dei ansvar for mottak, utgreiing og behandling / oppfølging av urologiske pasientar og samarbeider med dei øvrige forvaktssjikta i klinikken.
Avdeling for urologi er leiande innanfor urologisk kreftkirurgi (regionalt kreftkirurgisk senter) og moderne endoskopisk kirurgisk behandling av alle tilstandar i øvre urinvegar. Avdelinga er òg regionalt senter innan nevrourologi og avansert urodynamikk.
Vår tilnærming til faget er forskings- og evidensbasert, og slik erfaring / dokumentert interesse er difor svært ønskeleg.
Vedkommande som får tilbod om stilling må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg. Ønsker ikkje kontakt med rekrutteringsbyrå eller annonseseljarar. Søknadar utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon :
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
#J-18808-Ljbffr
Lege Spesialisering • Bergen, Vestland, Norge