Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje på ei interessant og utfordrande stilling ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Instituttet har ledig ei stilling som stipendiat innan fagområda helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Stillinga er for ein periode på 4 år med oppstart og knytt til det eksternt finansierte prosjektet «Trust and identity among European adolescents and emerging adults» (ENGAGED Youth). HEMIL er koordinator for prosjektet gjennom forskingsgruppa “Social Influence Processes on Adolescent Health” (SIPA).
Fokusområdet for stipendiatstillinga vil vere knytt til betydninga av sosialt tilhøyre og identitet for demokratideltaking på ulike arenaer (som t.d sosiale medieplattformer, skule og fritid). Det vil vere aktuelt å bruke både nasjonale og internasjonale spørjeskjemadata i kombinasjon med kvalitative data. Ein fullstendig prosjektplan, inklusivt forslag til plan for gjennomføring av ph.d.-utdanning / framdriftsplan utarbeidast i samråd med rettleiarar etter tilsetting.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
For stillinga gjeldt følgande :
Om stipendiatstillinga : Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid som skal bidra til at den tilsette kvalifiserer seg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Undervisninga i stillinga vil vere knytt til Masterprogrammet i helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Det er venta at kandidaten bidrar i arbeidet knytta til forskningsgruppa SIPA.
Om forskarutdanninga : Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Ved vurdering av kvalifikasjonane dine for stillinga vil du også verte vurdert iht krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegga som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal taknast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Professor Oddrun Samdal, , mobil
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
#J-18808-Ljbffr
Og • Bergen, Vestland, Norge