Overview
Fast 100% stilling for sjukepleiar / vernepleiar med relevant vidareutdanning. Vil du vera med å utforma eit nytt spesialisert dagbehandlingstilbod?
Vi etablerer no eit nytt dagbehandlingstilbod for ungdom og unge vaksne (12-23 år) med alvorleg spiseforstyrringar, og søker etter miljøterapeuter som vil vere med i dette utviklingsarbeidet.
Dagtilbodet er eit samarbeid mellom Psykiatrisk klinikk, regional avdeling for spiseforstyrrelser (RAS) og klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Ungdomspost. Det er oppretta ein eigen koordinatorstilling som skal koordinere samhandlinga mellom RAS og Ungdomsposten. Tilbodet er ein del av spesialisthelsetjenesta og rettar seg mot pasientar som allereie er i behandling, men som i ein kortare periode har behov for intensiv dagbehandling i eit strukturert og spesialisert miljø. Dagbehandlinga byggjer på prinsipp i to ulike kunnskapsbaserte metodar : CBT-E og FBT.
Behandlinga er tverrfaglig, strukturert og intensiv, og omfattar mellom anna måltidsstøtte, familiesamarbeid og samarbeid med lokalt behandlingsteam.
Vi lyser no ut 2 100% faste stillingar for spesialvernepleiar eller spesialsjukepleiar med erfaring med pasientar i behandling av spiseforstyrringar. Denne utlysninga gjeld stillingar ved dageininga knytta til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Ungdomspost.
Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse i å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Det er ønskeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Astrid Bjorøy, Seksjonsleiar,
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15, 5021 BERGEN
Nøkkelinformasjon
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige opgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
#J-18808-Ljbffr
Sjukepleiar Stilling • Bergen, Vestland, Norge