Overview
I Læringsverkstedet er visjonen vår : "Vi får verdas viktigaste verdiar til å veksa." Har du lyst til å vera med på laget? I Læringsverkstedet Sæ barnehage jobbar vi kvar dag for å gjera ein forskjell i livet til barna. Hos oss skal alle kjenna at "Du er viktig" – det gjeld både store og små. No ser vi ein barnehagelærar som vil vera med og skapa eit trygt, utviklande og leikande barnehagemiljø.
Kvifor jobba hos oss?
Hos oss jobbar du saman med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort og trygt fagmiljø! Me har eit attraktivt pedagogisk konsept og tilgang til mykje inspirerande materiell gjennom vår interne ressursbank. Du får halde deg fagleg oppdatert gjennom kurs og fagopplæring, og du blir ein del av ein organisasjon som tek kompetanse på alvor. Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar samt tariffavtale gjennom PBL. Læringsverkstedet sitt løfte til alle tilsette : "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikla deg både fagleg og menneskeleg, og gjera verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som barnehagelærar er du faglig og administrativ medansvarlig, som aktivt implementerer Læringsverkstedets verdiplattform og kvalitetsstandardar. Du bidreg i gjennomføring og planlegging av daglege gjøremål, prosjekter og aktiviteter, på lang og kort sikt. Dine oppgåver vil mellom anna vera :
Kven trur vi passar i rolla?
Vi ser etter deg som er-relasjonsorientert, og som ser kvart einskild barn. Du lyttar og er lydhøyr for kva barna ynskjer å formidla. Du har faglege ambisjonar og eit ekte hjarte for jobben du gjer. Du er løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig, og trivst med å jobba med menneske frå ulike bakgrunnar og livssituasjonar. Du er ikkje redd for nye utfordringar, jobbar godt under press, og er både ansvarsbevisst og sjølvstendig.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Læringsverkstedet Sæ barnehage har om lag 115 barn og 33–36 tilsette, fordelt på 7 avdelingar. Me held til på Ås, i nærleiken av Leirvik sentrum, og har eit rikt og variert nærmiljø som vi nyttar aktivt kvar einaste dag. Barnehagen ligg sentrumsnært, med kort veg til både byliv, kulturhus, ei aktiv hamn og kai, samt flotte turområde rett utanfor porten. Naturen og nærmiljøet ser vi på som ein verdifull ressurs, og turar er ein viktig del av kvardagen vår. Dei yngste barna brukar næromåda som Ås-skogen og museumsparken, og vi er så heldige at vi får disponere den gamle korttidsbarnehagen som ligg på museumsområdet. Dei eldste barna har tilgang til to minibussar, som gir oss fridom til å dra på lengre turar. Me utforskar nærområda på Stord, men reiser òg til Sagvåg, Litlabø, Fitjar, Bømlo og Sveio. Turane blir tilpassa alder, tema, prosjekt og årstid.
#J-18808-Ljbffr
Barnehagelærer • Stord, Vestland, Norge