Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Barnehagelærer

Barnehagelærer

ArbeidsplassenMosterhamn, Vestland, Norge
10 dager siden
Jobbeskrivelse

Oversikt

Er du vår nye pedagog eller assistent? Me har ledig eit 100% vikariat (med moglegheit for forlengelse).

Me verdset dei små og gode møtene - kvardagsmagien som oppstår når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i vill og variert natur. Dei minste av oss møter naturen på eigne tilrettelagde premisser : Barfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten - saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i store monn. Dei største syklar langt av gårde, klatrar i dei høgaste trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram!

eit godt arbeidsmiljø der alle kjenner alle

friheit til å påverke eigen arbeidsdag

nødvendige midlar til utviklingsarbeid på avdelinga

medlem av pbl og føl deira tariff og penjonsordningar

Me er meir enn summen av våre deler. Me vil byggje eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Me har ambisjonar langt utover den gemene barnehage : I alt me gjer siktar me mot stjernene. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnadar skal prege all vår drift - er du den som fasiliterer dette?

Du vil ut og opp! Du trur at ting går an og du veit at barn kan! Du seier ja! Om du helst vil arbeide med små eller store barn betyr ikkje så mykje for oss, me lager rom for den rette! Det er nemleg ikkje slik at me trur me kan finne den som passer perfekt inn i vår visjon - men me tur me kan finne deg som gjer vår visjon litt betre!

Me har ledig ei 100% vikariat stilling med varigheit til 1 desember 2026 (med moglegheit for forlengelse). Me ynskjer å høyre frå deg som er utdanna pedagog, barne og ungdomsarbeider / fagarbeidar, deg som har erfaring eller du som ynskjer å teste ut om barnehage yrket er noko for deg. Me er på jakt etter deg som :

  • har masse kjærleik å gi og er ein trygg og god vaksen for barna
  • er god til å samarbeide og gir positiv energi til dei rundt deg
  • kan arbeida sjølvstendig
  • Kan tenkje utover avdelinga og på heilskapen i barnehagen
  • Er vasstett, kan lage mat på bålet og tar utfordringar på strak arm

Ynskje vårt er at me skal opplevast som ei forlenging av heimen, og at her skal det være trygt og godt for alle barn å kome. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du MÅ ta deg sjølv med på jobb!

leie / delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagens visjonar og i samsvar med gjeldane lovar og forskifter

Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering, og utviklingsarbeid på di avdeling og i barnehagen

sørgje for godt foreldresamarbeid, leie / delta på foreldremøter og foreldresamtalar.

delta i og leie barnehagens satsing på natur, friluftsliv og fysisk aktivitet

Aktuelle kandidater vert teke inn til intervju undervegs. Ta og gjerne kontakt på anten mail eller telefon om du har spørsmål om stillinga.

Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.

#J-18808-Ljbffr

Opprett et jobbvarsel for dette søket

Barnehagelærer • Mosterhamn, Vestland, Norge