Overview
Er du omgjengeleg, omsorgsfull og vil du bidra med din fagkompetanse?
Me har behov for fleire helsefagarbeidarar på avdeling Gjestetunet – nattenesta. Ål kommune ønskjer å tilsette i opptil 100 % faste og midlertidige stillingar. Annan stillingsstorleik kan avtalast ved tilsetting. Me ønskjer oss kollegaer med gode omsorgsevner, som er endringsorienterte og som trivst med å jobbe mot felles mål.
Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som vektlegg gode dagar, trivsel og kvalitet i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du vil ha gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.
Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.
Om nattenesta : Nattenesta er knytt til avdeling Gjestetunet. Nattenesta yter tenester til bebuarar på både, kort- og langtidsavdelinga, samt til heimebuande i Ål kommune. Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
Du vil bidra til å sikre at våre tenestemottakarar får den beste omsorgen gjennom natta med å :
Me ønskjer å jobbe med deg som
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du vår heimeside.
Politiattest og søknad
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar
Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, fordelt på 12,6 årsverk. Natttenesta er og knytt til avdelinga med 6 årsverk. Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslege. Som distriktskommune med lagt reiseveg til sjukehus blir det utført avansert faglege prosedyrar. Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik. Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Bu og levekostnadene er rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengar på å realisere draumane dine. Ål kommune er kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Norge. Kulturhuset tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal
#J-18808-Ljbffr
Helsefagarbeidar • Ål, Viken, Norge