Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren

Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren

Aal kommuneÅl, Viken, Norge
30+ dager siden
Jobbeskrivelse

Ønskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng?

Helse- og omsorgssektoren består av 8 avdelingar som samla gir eit heilskapleg tilbod av helse- og omsorgstenester.

Me har god fagdekking og fokus på fag- og kvalitetsutvikling. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene og med frivillige og Frivilligsentralen.

Vi søker :

  • sjukepleiarar
  • miljøterapeutar / miljøarbeidarar
  • fagarbeidarar / assistentar
  • Personar med annan helsefagleg bakgrunn
  • Studentar innan sjukepleie / vernepleie / medisin eller helsefag

Du må være sjølvstendig, like kontakt med menneskjer og du bør ha førarkort. Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. For å jobbe i helse- og omsorgssektoren må du vere 18 år.

Er du nyutdanna eller har du liten erfaring, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.

Alle avdelingsleiarar i Helse- og omsorgssektoren har tilgang til søknadar som kjem inn, og kan ta kontakt med aktuelle søkjarar. Annonse ligg open ut året, og søknaden din vil bli liggjande tilgjengeleg for leiarane til du eventuelt ber oss om å trekke den.

Avtale som tilkallingsvikar inneber at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid. Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad, og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag.

Du viser din interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe ved ei bestemt avdeling ber vi om at du oppgir dette i søknaden.

Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidligere har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad.

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
  • Kari Stensaker, avdelingsleiar avdeling Gjestetunet

    Live Magnetun, avdelingsleiar - avdeling Meistring

    Marianne Tretterud Skarpås, avdelingsleiar, avdeling 2- Miljøterapitenesta

    Marie Luise C Skråmestø, avdelingsleiar Heimetenesta

    Tone Fossgård Berg, avdelingsleiar avdeling Stugu

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Tilkallingsvikar • Ål, Viken, Norge