Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Bioingeniørstudent

Bioingeniørstudent

ArbeidsplassenHaugesund, Rogaland, Norge
22 dager siden
Jobbeskrivelse

Overview

Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig?

Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend!

Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring :

  • På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger.
  • Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar.

Les meir om alle fordelane vi tilbyr!

I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad.

Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget!

Kva går jobben ut på

  • Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientar
  • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
  • Pasientnær analysering
  • Enkelt laboratoriearbeid
  • Kva kompetanse er viktig i denne rolla

  • Du er bioingeniørstudent
  • Studentbekreftelse må foreligge ved oppstart
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Kva ser vi etter hos deg

    Hos oss er det viktig at du :

  • er sjølvstendig
  • trivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoral
  • samarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • er strukturert
  • er lærevillig og nysgjerrig
  • Kvifor skal du velje oss

  • Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
  • Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
  • Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.
  • Kontaktinformasjon

    Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar,

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 Haugesund

    Nøkkelinformasjon

    Arbeidsgivar : Helse Fonna HF

    Referansenr. : Søknadsfrist :

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Bioingeniørstudent • Haugesund, Rogaland, Norge