Overview
Vil du kombinere studiene dine med en lærerik jobb - og få stipend samtidig?
Hos oss får du ikkje berre ein jobb, men ei moglegheit til å lære mykje om korleis det er å jobbe som bioingeniør. Som bioingeniørstudent kan du søke om helge- og feriestilling ved eitt av våre sjukehus. Du får lønn, fagleg utvikling, og i tillegg eit stipend!
Vi har laboratorium i Haugesund, Odda og på Stord, der du kan få relevant arbeidserfaring :
- På laboratoriet for medisinsk biokjemi og immunologi- og transfusjonsmedisin i Haugesund, samt på laboratoriet på Stord og Odda, kan du jobbe i feriar og helger.
- Ved laboratoriet for medisinsk mikrobiologi kan du arbeide på laurdagar og i feriar. På patologiavdelinga i Haugesund kan du jobbe i feriar.
Les meir om alle fordelane vi tilbyr!
I søknaden kan du skrive om du ønskjer å jobbe ved eit spesifikt laboratorium, eller sende ein open søknad.
Vi tilset kvalifiserte søkjarar fortløpande – søk no og bli med på laget!
Kva går jobben ut på
Prøvetaking av polikliniske og inneliggande pasientarPrøvehandtering og preanalytisk arbeidPasientnær analyseringEnkelt laboratoriearbeidKva kompetanse er viktig i denne rolla
Du er bioingeniørstudentStudentbekreftelse må foreligge ved oppstartGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknadKva ser vi etter hos deg
Hos oss er det viktig at du :
er sjølvstendigtrivest i ein travel kvardag og har høg arbeidsmoralsamarbeider godt med andre og bidrar til eit godt arbeidsmiljøer strukturerter lærevillig og nysgjerrigKvifor skal du velje oss
Ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.Eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.Medverknad til at du får utvikle breidda i bioingeniørfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.Kontaktinformasjon
Rita Danielsen Tyse, Funksjonsleiar,
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Helse Fonna HF
Referansenr. : Søknadsfrist :
#J-18808-Ljbffr