Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen! Sjå video frå vår avdeling.
Radiologisk avdeling ved sjukehusa Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om deling av spesialistutdanninga. Vi har nettopp flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) med topp moderne utstyr og mellom anna fylkets første 3 Tesla MR.
Vi har no ledig fast stilling og 1- års vikariat som LIS i radiologi, med oppstart eller etter avtale.
Radiologisk avdeling ved Hjelset / Kristiansund er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikerte overlege og eit godt, inkluderande LIS-miljø.
Opplæring skjer hovudsakleg ved Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Aktuelle søkjarar kan bli kontakta fortløpande for intervju.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personleg eigenskap vil vektleggast ved tilsetting.
Vi tilbyr
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Les meir om Molde og Romsdalen.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre.
Kontaktinformasjon
Thomas Alexander Bremnes, Seksjonsleiar, ,
Odd Arne Haram, Avdelingssjef lege, Radiologi,
Arbeidsstad
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgjevar : Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist :
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Vår visjon er å vere på lag med deg for helsa di. Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på
#J-18808-Ljbffr
Lege Spesialisering • Gujorda, Møre og Romsdal, Norge