Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig eit vikariat i 100% stilling som bioingeniør II innan hematologi / koagulasjon.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart teken i bruk i april i år. Her hos oss ved Medisinsk biokjemi og blodbank vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ei svært spennande periode, med ei ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er heilt nytt. Innan faget hematologi har vi 3 heilt nye Sysmex XR, digital morfologi og SR-instrument som står på automasjonsbandet. Å vere ein del av teamet rundt desse instrumenta er fagleg givande og utfordrande.
Vi ser etter ein strukturert person som gjerne har litt erfaring innan området.
Tenkjer du at dette kan vere noko for deg, så søk på dette vikariatet.
Ved eit eventuelt internt opprykk, vil det bli eit ledig vikariat som bioingeniør.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Nordmøre og Romsdal! Molde er rosen, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, ,
Arbeidsstad
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100%
Vikariat
Søknadsfrist :
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gjev profesjonal helsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meir openheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
#J-18808-Ljbffr
Ii • Gujorda, Møre og Romsdal, Norge