Join to apply for the Lege i spesialisering i radiologi role at Central Norway Regional Health Authority
1 day ago Be among the first 25 applicants
Join to apply for the Lege i spesialisering i radiologi role at Central Norway Regional Health Authority
Søknadsfrist
Lege i spesialisering i radiologi Bildediagnostikk leger SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Ønskjer du ei spennande LIS-stilling i radiologi, med variert praksis og gode utviklingsmoglegheiter? No har du sjansen!
Sjå video frå vår avdeling her.
Radiologisk avdeling ved sjukehusa Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av pasientar, og samarbeider tett med kliniske avdelingar. Kvart år utfører vi om lag 100 000 undersøkingar innan alle modalitetar. Avdelinga har eit nært samarbeid med St. Olavs hospital om delar av spesialistutdanninga. Vi har nettopp flytta inn i det nye sjukehuset (SNR) med topp moderne utstyr og mellom anna fylkets første 3 Tesla MR.
Vi har no ledig fast stilling og 1-års vikariat som LIS i radiologi, med oppstart eller etter avtale.
Radiologisk avdeling ved Hjelset / Kristiansund er ein god stad for ferske LIS3. Vi har eit breitt spekter av undersøkingar, dedikerte overlegar og eit godt, inkluderande LIS-miljø.
Opplæring skjer hovudsakleg ved Hjelset, men vi legg til rette for deg som ønskjer å bu i Kristiansund.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Aktuelle søkjarar kan bli kontakta fortløpande for intervju.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Hjelset
Stillingstittel
Lege i spesialisering i radiologi
Stillingar
Heiltid / Deltid
Heiltid
Tilsetjingsform
Fast, Vikariat
Stillingsprosent
100
Webcruiter-ID
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personleg egnaheit vil vektleggjast ved tilsetting.
Vi tilbyr
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Adresse : Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Thomas Alexander Bremnes
Seksjonsleiar
Telefon : E-post :
Odd Arne Haram
Avdelingssjef lege, Radiologi
E-post : Odd Arne Haram
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på
Seniority level
Seniority level
Entry level
Employment type
Employment type
Full-time
Job function
Job function
Other
Industries
Hospitals and Health Care
Referrals increase your chances of interviewing at Central Norway Regional Health Authority by 2x
Sign in to set job alerts for “Associate Specialist” roles.
We’re unlocking community knowledge in a new way. Experts add insights directly into each article, started with the help of AI.
#J-18808-Ljbffr
Lege Spesialisering • Hjelset, Møre og Romsdal, Norge