Talent.com
Postdoktor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Postdoktor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskapByggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
Postdoktor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Postdoktor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Byggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
5 days ago
Job description

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Velkomen som søkjar til ei postdoktorstilling i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap , med eit forskingsprosjekt om sterkt individuelt engasjement i antikkens rabbinske jødedom. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller tidlegare etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Stillinga er øyremerka forsking på antikk jødisk, rabbinsk litteratur frå 2. – 7. århundre etter vår tidsrekning.

Stillinga er den andre av tre postdoktor-stillingar som blir utlyste i samband med RADHEART-prosjektet. Denne stillinga er ein del av prosjektets arbeidspakke NARRATIVE. Den som vert tilsett vil bli ein del av eit stort og dynamisk forskingsmiljø ved instituttet som fokuserer på oldtida, i tillegg til ei forskargruppe som samarbeider tett om individuelt engasjement i radikale former for religion i oldtida. Den som vert tilsett vil få sjansen til å samhandle med toppforskarar på feltet og reise på konferansar og forskingsopphald.

Prosjektet fokuserer på rolla kjensler og kropp spelar i sterkt, individuelt engasjement i oldtida. Prosjektet undersøker korleis kjenslemessig intense og sterke religiøse engasjement (dvs. radikale hjartevanar) blir uttrykt og kultivert i jødiske og kristne formative tradisjonar på tvers av dei tre aksane tekstualitet, medialitet, og praksis, frå det 6. århundre før vår tidsrekning til det 7. århundre etter vår tidsrekning. Prosjektet fremmer eit nyskapande teoretisk rammeverk som kombinerer religionsestetikk, erfaringsorientert antropologi og framoverretta filologi.

Postdoktoren skal arbeide både sjølvstendig og i eit forskingsteam. Det er forventa at den som vert tilsett utviklar og gjennomfører sitt eige forskingsprosjekt om antikk jødisk-rabbinsk litteratur på måtar som bidreg til det overordna forskingsprosjektet. Dette inneber å forhalde seg til prosjektets hypotesar, konsept, teoretiske rammeverk og metodar, og bidra til å nå prosjektets mål og sikre resultat.

Postdoktoren skal publisere vitskaplege arbeid, presentere forsking på vitskaplege konferansar og drive formidling til allmenta. Det er forventa at postdoktoren bidrar til planlegging av prosjektseminar, konferansar og andre arrangement, at vedkommande gjennomfører forsking på spesifikke casestudiar og arbeider med prosjektteamet for å utvikle prosjektet vidare, deltar i skriveseminar og sosiale arrangement, bidrar til organiseringsoppgåver, og elles samarbeider med prosjektleiar Laura Feldt, inkludert å samredigere ein vitskapleg antologi av relevans for sitt eige prosjekt.

Om postdoktorstillinga :

Postdoktorstillinga har som formål at den som blir tilsett skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søkje stilling som førsteamanuensis.

Den som blir tilsett må i samråd med instituttet utarbeide ein karriereplan som spesifiserer den kompetansen postdoktoren skal opparbeide seg. Samla postdoktorperiode er tre år.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar :

  • Søkjaren må ha norsk doktorgrad (ph.d.) eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap / religionshistorie / religionsstudium eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Doktoravhandlingen må vere levert innan søknadsfristen er ute, og oppnådd doktorgrad er eit vilkår for tilsetjing.
  • Søkjaren må ha kompetanse i antikke jødiske studiar og relevante filologiske ferdigheiter (hebraisk / aramaisk frå den aktuelle perioden), og dokumentert interesse for generell og samanliknande religionsvitskap. Religionsvitskapleg kompetanse vil bli rekna som ein fordel, dokumentert gjennom til dømes publikasjonar, undervisningserfaring eller kurs.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse som forheld seg til RADHEART-prosjektskildringa (som ein kan få ved å kontakte prosjektleiar Laura Feldt : ) saman med ein framdriftsplan for hovudaktivitetane i postdoktorprosjektet, og ein plan for publisering av forskingsresultata i internasjonale, anerkjende kanalar.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil videre bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

  • Høve til å byggje sterke faglege nettverk.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse , som innebar ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån..
  • Slik søkjer du stillinga :

    Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande :

  • Under “Søknadstekst” : Skriv eit søknadsbrev (ca. teikn) som skildrar dine generelle forskingsinteresser, ekspertise og motivasjon, og korleis desse gjer deg til ein god kandidat for stillinga.
  • Erfaringar og kvalifikasjonar (fyll inn dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar / vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
  • Språkferdigheiter .
  • Minst to referansepersonar . Ein av desse må vere hovudrettleiaren for doktoravhandlingen.
  • Under “Vedlegg” lastast følgjande opp som separate dokument :
  • Prosjektskisse for postdoktorprosjektet på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode ogetiske aspekt. Skissa skal òg skildre empirien som skal bli brukt i prosjektet. Litteraturliste for prosjektskissa, framdriftsplan for prosjektet og ein plan for publisering i internasjonalt anerkjende kanalar skal følgje prosjektskissa.

  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad lastast opp frå Vitnemålsportalen. Dersom desse ikkje er tilgjengelege via Vitnemålsportalen, lastast dei opp som vanlege filer.
  • Dokumentasjon som viser at doktoravhandlingen er levert inn.
  • Kort samandrag av doktoravhandlingen (inntil tre sider).
  • Fullstendig liste over faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Inntil fem vitskaplege arbeid (til dømes avhandlingar, monografiar og artiklar) som vil bli særleg vektlagde i vurderinga av akademiske kvalifikasjonar.
  • Relevante attestar og stadfestingar, og dokumentasjon på kompetanse i antikkens rabbinske jødedom og relevant filologisk kompetanse.
  • Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

    Aktuelle søkjarar blir inviterte til intervju.

  • Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
  • Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
  • Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og følgjer gjeldande retningslinjer.
  • Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte leiar for RADHEART-prosjektet, professor Laura Feldt, e-post : , eller instituttleiar, professor Teemu Sakari Ryymin, e-post : , telefon : .

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Postdoktor i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap • Bergen, Vestland, Norge

    Related jobs
    Teamleder renhold Voss

    Teamleder renhold Voss

    TomaGruppen • Voss, Vestland, NO
    Quick Apply
    Vi søker etter engasjerte og strukturerte teamledere til vår avdeling for renhold på Voss.Som teamleder vil du ha ansvar for å holde oversikt over tildelt kontraktsporteføl...Show more
    Last updated: 30+ days ago
    Medisinstudenter

    Medisinstudenter

    Helse Sør-øst RHF • Sarpsborg, Østfold, Norge
    Sykehuset Østfold har behov for dyktige medarbeidere i sommerferieperioden 2026, både i somatikk og psykisk helsevern og rusbehandling. Er du medisinstudent, fullført minimum 1.Vi har innført et kom...Show more
    Last updated: 8 days ago • Promoted
    Haugtussa Steinerbarnehage i Ås har ledig stilling som barnhagelærer

    Haugtussa Steinerbarnehage i Ås har ledig stilling som barnhagelærer

    Stiftelsen Fredvika Steinerbarnehage • Ås, Akershus, Norge
    Bli med å forme en meningsfull barndom i vakre omgivelser.Vi i Haugtussa Steinerbarnehage søker nå nye kollegaer.Vi er en veletablert Steinerbarnehage med 55 barn fordelt på to store- og to småbarn...Show more
    Last updated: 6 hours ago • Promoted • New!
    Salgs- og markedssjef til Armaturjonsson – strategisk lederrolle med vekstfokus

    Salgs- og markedssjef til Armaturjonsson – strategisk lederrolle med vekstfokus

    HJERTAKER AABERG AS • Langhus, Akershus, Norge
    Vil du lede salgs- og markedsarbeidet i et selskap som har satt standarden for VVS-løsninger i Norge i over 50 år?.Som salgs- og markedssjef får du strategisk og operativt ansvar for salg og marked...Show more
    Last updated: 8 days ago • Promoted
    Helsefagarbeider på behandlingssenter

    Helsefagarbeider på behandlingssenter

    Bergen • Bergen, Vestland, Norge
    Frieda Fasmer Behandlingssenter ligger sentralt i Loddefjord.Vi søker etter helsefagarbeider til avdeling for personer med demens diagnose. Som helsefagarbeider ved vårt behandlingssenter blir du en...Show more
    Last updated: 8 days ago • Promoted
    Førsteamanuensis II (20%) i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk

    Førsteamanuensis II (20%) i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk

    Byggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
    UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning.Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og v...Show more
    Last updated: 6 days ago • Promoted
    Specialist Family Medicine, Norway

    Specialist Family Medicine, Norway

    EXPAT.COM • Bergen, Vestland, Norge
    We are currently looking for motivated candidates, preferably with some years of experience as a specialist within family medicine. Are you interested in moving to Norway?.We follow our candidates f...Show more
    Last updated: 27 days ago • Promoted
    Universitetslektor II i interiørarkitektur (20 %) ved Institutt for design

    Universitetslektor II i interiørarkitektur (20 %) ved Institutt for design

    Universitetet i Bergen (UiB) • Bergen, Vestland, Norge
    UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning.Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og v...Show more
    Last updated: 8 days ago • Promoted
    Ledige fastlegehjemler ved Cort Piil Helsesenter, Bergen sentrum

    Ledige fastlegehjemler ved Cort Piil Helsesenter, Bergen sentrum

    Bergen • Bergen, Vestland, Norge
    Legekontoret er veldrevet og velutstyrt med 6 fastleger i lyse, trivelige og nyoppussede lokaler.Godt avtaleverk og godt arbeidsmiljø. Legekontoret benytter Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Hel...Show more
    Last updated: 5 days ago • Promoted
    Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid

    Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid

    Byggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
    Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid.UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning.Som samfunnsin...Show more
    Last updated: 5 days ago • Promoted
    Postdoktor i numerisk væskemekanikk

    Postdoktor i numerisk væskemekanikk

    Byggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
    Bli med på UiB, eit fremragande universitet! Vi søker postdoktor med erfaring og samarbeidsevner.UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og...Show more
    Last updated: 8 days ago • Promoted
    Områdeleiar Eiendomsdrift driftsområde nord - Eiendomsavdelinga

    Områdeleiar Eiendomsdrift driftsområde nord - Eiendomsavdelinga

    Byggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
    Områdeleiar Eiendomsdrift driftsområde nord - Eiendomsavdelinga.UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning.Som samfunnsinstitusjo...Show more
    Last updated: 8 days ago • Promoted
    Fast stilling som forsker innen klimaprediksjon

    Fast stilling som forsker innen klimaprediksjon

    Byggmakker Norge AS • Bergen, Vestland, Norge
    Nansensenteret er et norsk miljøinstitutt, etablert i Bergen i 1986.Våre kjerneaktiviteter omfatter forskning og utviklingsarbeid rettet mot fysiske og biologiske forhold i våre nære havområder, i ...Show more
    Last updated: 6 days ago • Promoted
    Overlege - Urologi

    Overlege - Urologi

    Helse Stavanger • Bergen, Vestland, Norge
    Vil du være med å utvikle urologifaget i et sterkt kirurgisk miljø – midt i hjertet av Bergen? Har du erfaring, engasjement og lyst til å bidravedet sykehus som setterpasientnærkvalitet og faglig u...Show more
    Last updated: 5 days ago • Promoted
    Vektere til Peterdalsmyra botiltak

    Vektere til Peterdalsmyra botiltak

    Securitas • Bergen, Vestland, Norge
    PSS Securitas er en av Norges største leverandører av godkjente ordensvakter og vektere.Vi leverer tjenester innen ordensvakt, stasjonær tjeneste, arrangement, helsevern, smittevern og spesialtjene...Show more
    Last updated: 6 days ago • Promoted
    Universitetslektor II i interiørarkitektur (20 %) ved Institutt for design

    Universitetslektor II i interiørarkitektur (20 %) ved Institutt for design

    University of Bergen (UiB) • Bergen, Vestland, Norge
    UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning.Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og v...Show more
    Last updated: 5 days ago • Promoted
    Ledig fastlegehjemmel ved Cort Piil Helsesenter, midt i Bergen sentrum

    Ledig fastlegehjemmel ved Cort Piil Helsesenter, midt i Bergen sentrum

    Bergen • Bergen, Vestland, Norge
    Legekontoret er veldrevet og velutstyrt med 6 fastleger i lyse, trivelige og nyoppussede lokaler.Godt avtaleverk og godt arbeidsmiljø. Legekontoret benytter Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Hel...Show more
    Last updated: 5 days ago • Promoted
    Ledig fastlegehjemmel ved Rolland legesenter, Åsane bydel

    Ledig fastlegehjemmel ved Rolland legesenter, Åsane bydel

    Bergen • Bergen, Vestland, Norge
    Legekontoret er veldrevet og velutstyrt med 5 fastleger fordelt på 4 kontor i lyse og trivelige lokaler.Godt avtaleverk og godt arbeidsmiljø. Legekontoret benytter Infodoc Plenario journalsystem, No...Show more
    Last updated: 6 hours ago • Promoted • New!