Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne tid
Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i hanseatisk historie frå mellomalder og tidleg moderne tid ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 1. april 2026 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Doktorgradsstipendet er knytt til forskingsprosjektet "Kvinner blant hansaen i Bergen", som har som mål å oppnå ei meir heilskapleg og nyansert forståing av kvinners roller i relasjon til det hanseatiske samfunnet på Bryggen i Bergen. Prosjektet utfordrar oppfatninga om at dette miljøet var eit reint mannssamfunn, og vil undersøke korleis kvinner spelte ulike roller i livet og handelen til dei hanseatiske kjøpmennene. Prosjektet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Det hanseatiske museum, og stipendiaten vil få høve til å ha arbeidsstad begge stader.
Stipendet er knytt til prosjektets arbeidspakke om ekteskapsmønster blant hanseatiske kjøpmenn i Bergen i perioden frå mellomalderen og fram til den gradvise oppløysinga av Det hanseatiske kontoret mot slutten av 1600-talet. I byrjinga av denne perioden var det ikkje tillate for kjøpmennene å gifte seg, men mot slutten av perioden er det grunn til å tru at vilkåra vart meir gunstige for å inngå ekteskap i Bergen. Det er tenkt at stipendiaten vil undersøkje dei samfunnsmessige implikasjonane av endringa i ekteskapsmønsteret, slik det er skildra i arbeidspakken.
Det forventast at doktorgradsstipendiaten formulerer og gjennomfører eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor dette temaet, med bruk av eit breitt spekter av kjelder. Som eksempel kan nemnast kyrkjebøker, rettskjelder produsert av det hanseatiske kontoret i Bergen, eller nabobøkene (Nabersbücher) frå Bryggen.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga :
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er tre år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet.
Som stipendiat blir du tatt opp i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program . Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar :
Søkjaren må ha :
Det er ein føremon å ha :
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Slik søkjer du stillinga :
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande :
Prosjektskisse på inntil 12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal tydeleg skildre det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og empiri som skal nyttast i prosjektet. Litteraturliste skal følgje prosjektskissa.
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Teemu Ryymin, e-post : , tel. : , eller prosjektleiar, professor Kirsi Salonen, e-post : , tel : .
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
#J-18808-Ljbffr
Historie Mellomalder • Bergen, Vestland, Norge