Områdeleiar Eiendomsdrift driftsområde nord - Eiendomsavdelinga
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga :
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelingar.
Eigendomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har omlag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab og Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit årleg budsjett til drift og investering på omlag 950 mill., større satsingar kjem i tillegg. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad / Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.
Universitetet står framfor store bygge- og utviklingsprosjekt som transformasjon og rehabilitering av bygg på Realfagshøyden (Nygårdshøyden sør), nytt Griegakademi, samlokalisering av HF-fakultetet og rehabilitering av Kulturhistorisk museum.
Driftsseksjonen har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad / Haukelandsområdet. Driftsområda vert leia av ein områdeleiar som rapporterer til Seksjonssjef Drift. Ved kvart driftsområde er det vedlikehaldsleiar og driftsleiar som rapporterer til Områdeleiar. Driftsområda har dessutan driftsteknikarar (fagbrev) og driftsoperatørar som arbeider på dagtid.
Områdeleiar Eigedomsdriift - Driftsområde Nord
Ved Eigedomsavdelinga, seksjon Drift, er det ledig ei fast 100 prosent stilling som områdeleiar for driftsområde Nord. Stillinga inngår i leiarteamet for seksjon Drift og rapporterer til seksjonssjef Drift.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar :
Vi ser det som ein føremon at søkjar har :
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. Vi ser etter ein person med :
Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby :
Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass :
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til : Seksjonssjef Drift Jan-Terje Nygaard, mob. , email , Eigedomsdirektør Kjartan Nesset, mob.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
#J-18808-Ljbffr
Nord • Bergen, Vestland, Norge