Talent.com
This job offer is not available in your country.
Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt

Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
21 days ago
Job description

Vernepleiar og sjukepleiar til faste stillingar på natt

Vernepleiar og sjukepleiar til fast stilling på natt

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.

Seksjon S6 er ein lukka korttidsseksjon med 12 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet.

Vi har eit godt og kompetent arbeidsmiljø og søker etter to sjukepleiarar og ein vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid / rus / Seprep til tre faste 80% stillingar på natt med arbeid kvar 3. helg.

Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar samt utvikling / og evaluering av sjukepleiefaglege og miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane
  • Ta del i det tverrfaglege arbeidet i seksjonen
  • Ansvarsvakt i seksjonen
  • Gje god omsorg for pasient
  • Pårørandearbeid
  • Medikamenthandtering
  • Pasientadministrativt arbeid
  • Ta del i den til ein kvar tid oppgåver som ligg til avdelinga
  • Forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykiatri / rus er ønskeleg
  • Relevant erfaring frå sjukehus / psykiatri er ein fordel
  • Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, samarbeidsvillige og fagleg engasjerte
  • Ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
  • Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
  • Du er tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst
  • Har evne til å handtere ulike følgjesmessige reaksjonar hos pasientane, og møter dei med respekt
  • Har gode kommunikasjonseevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Er / opptatt av kvalitet og likar varierte utfordringar
  • Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og ein god teamarbeidar
  • Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Eit godt, engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Fagutvikling og opplæring i terapeutisk mestring av aggresjon
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Jan Legreid, Seksjonsleiar

    Arbeidsstad

    Sandviksleitet 1

    5036 Bergen

    Nøkkelinformasjon

    Arbeidsgivar : Helse Bergen HF

    Referansenr. :

    Stillingsprosent : 80%

    Fast

    Søknadsfrist : Seksjonsleiar

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er også viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Sjukepleiar Stilling • Bergen, Vestland, Norge