Eining helse. Tilsetjing psykolog, 100% fast stilling frå etter avtale
Gulen og Masfjorden kommune har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog. Oppstart etter avtale. Stillinga er nyoppretta. Vi er på leit etter deg som vil bidra til kvalitet, utvikling og samhandling i tenestene. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, samt bonus på 100 000,- ved binding i to år. Mogleg med avtale om noko heimekontor dersom ynskjeleg / fleksibel arbeidstid. Arbeidsområdet vil vere i begge kommunane, og det er allereie fleire vertskommunesamarbeid mellom kommunane. Gulen kommune er vertskommune for denne stillinga. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising.
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25000kr av studielånet ditt (oppteninga startar , som gir gjeldssletting tidlegast ). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå , eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde, ).
I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osb. vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester, som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern. Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik. Det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom samarbeidsprosjektet "Fag- og tenesteutvikling" ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset.
førebyggande og kurative tenester til innbyggjarane, både til individ og grupper
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du :
Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell- og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar.
Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem.
#J-18808-Ljbffr
Psykolog • Eivindvik, Vestland, Norge