Talent.com
This job offer is not available in your country.
Vernepleiar / sjukepleiar 50% fast

Vernepleiar / sjukepleiar 50% fast

ArbeidsplassenRong, Vestland, Norge
11 days ago
Job description

Vernepleiar / sjukepleiar 50% fast

Vi ser etter ein motivert og engasjert vernepleiar / sjukepleiar, som ynskjer å nytte og vidareutvikle fagleg kompetanse, saman med flotte medarbeidarar. Ein som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø og til god livskvalitet for tenestemotakarane.

Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvbestemming, tillitsskapande arbeid og meistring er viktig. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidar og assistentar.

Vi har no ledig ei 50% fast stilling som miljøterapeut, kor det kan bli mogleg med opptil 20% ekstra i timebank. Stillinga er ledig frå . Det er årsturnus med kombinert tidlegvakter, seinvaktar og langvaktar, med arbeid kvar 4.Helg.

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta bebuarens individuelle behov
  • Leggje til rette for meiningsfylt aktivitet
  • Være pådrivar for fagleg utvikling
  • Arbeid knytt til Lov om helse- og omsorgstjenester kap. 9.
  • Planleggje, iverksette og evaluere faglege tiltak, som fremmer målretta miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Andre med 3 årig høgskoleutdanning kan bli vurdert.
  • Erfaring med miljøterapeutisk arbeid
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest må visast fram før tilsetjing
  • Ønskjeleg med :

  • Erfaring frå brukargruppa
  • Erfaring med åtferd som utfordrar
  • Personlege eigenskapar :

  • Være fleksibel og oppteken av å finne løysingar
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
  • Respekt og engasjement for brukargruppa
  • Taklar hektiske og fysisk utfordrande situasjonar
  • Du er ein god lagspelar og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Anna

    Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarari fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

    Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

    Vi tilbyr

  • Godepensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interesante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon omStartlån
  • Kontakt

    Åshild Erstad Hagen, Avdelingsleiar :

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

    Link til søknadsskjema : Søk her

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    #J-18808-Ljbffr

    Create a job alert for this search

    Fast • Rong, Vestland, Norge