Byggeleiar drift og vedlikehald ferjekai og byggeleiar utbygging ferjekai
INV - Vedlikehald bru og kai, Vestland fylkeskommune
Byggeleiar drift og vedlikehald ferjekai og byggeleiar utbygging ferjekai
Har du lyst å vera med å bygge og vedlikehalde ferjekaiar i Vestland, har kunnskap rundt arbeid med ferjekai, byggeleiing eller anna relevant arbeid, og har lyst på ein variert arbeidskvardag? Då ynskjer vi at du sender inn ein søknad!
Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.
Vedlikehald bru og kai har ansvar for drift, vedlikehald og utbygging av fylkesveg kaiar. Døme på oppgåver er å fylgje opp drift, ta tak i akutte situasjonar, vedlikehalde, inspeksjonar over og under vatn og bygge nye kaiar.
Til seksjon Vedlikehald bru og kai er vi på jakt etter to byggeleiarar. Ein for drift og vedlikehald av kai og ein for utbygging av ferjekaiar. Arbeidstad vil vera Leikanger og Bergen. Stillinga er fast.
Arbeidsoppgåver
Som byggeleiar hos oss vil du få ansvar for å følge opp utbyggingsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt og du vil jobbe tett saman med prosjektleiarar, andre byggeleiarar og kontrollingeniørar.
Ansvarsområder vil vere :
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning. Minimum 3 år med relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har fagbrev eller teknisk fagskule og relevant erfaring, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
Det er ein fordel med erfaring innan betong- og / eller stålkonstruksjonar eller erfaring med ferjekaiar. Du må trivast med kombinasjon av kontorarbeid og synfaringar.
Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Du må også ha god kompetanse i å nytte IKT- verktøy.
Vil du vite meir om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med leiar for seksjonen : Jorunn Hillestad Sekse, tlf.
Personlege eigenskapar
Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du er strukturert og handterer godt ein kompleks og variert arbeidskvardag.
Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.
Vi tilbyr
Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverkning og utvikling.
I tillegg får du mellom anna :
Kontaktinformasjon
Jorunn Hillestad Sekse, leiar,
Arbeidsstad
Askedalen 2, 5863 Leikanger
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Vestland fylkeskommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100%
Fast
Søknadsfrist :
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
#J-18808-Ljbffr
Og • Askedalen, Vestland, Norge