Overview
Gjev du for å skape tryggleik, meistring og glede i kvardagen til andre? Er du ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar som ønskjer å gjere ein forskjell i menneske sine liv? Då vil vi gjerne bli kjent med deg!
Vi ser etter deg som vil bruke fagkunnskapen din til å skape ein meiningsfull kvardag for våre bebuarar – og som har lyst til å bli ein viktig del av vårt engasjerte og varme arbeidsmiljø i ei døgnbemanna omsorgsbustad i vakre Sogndal .
Vil du vere med og gjere ein forskjell – kvar dag? Søk no, og bli med på laget vårt!
Sogndal er kjend for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.
Om stillingane
Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stillingar :
Me har årsturnus med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter kvar helg og etter eige ynskje i vekedag.
Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio / ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.
Kvalifikasjonar :
Personlege eigenskapar :
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
#J-18808-Ljbffr
Sjukepleiar Vernepleiar • Sogndal, Vestland, Norge