Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar / saksbehandlar. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Som rådgjevar / saksbehandlar vil du jobbe med spennande, utfordrande og meiningsfylte oppgåver knytt til søknadar på heile hjelpemiddelområdet.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ca. 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging, som består av ca. 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette ved hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging.
#J-18808-Ljbffr
Rådgjevar/saksbehandlar • Bergen, Vestland, Norge