Sjukepleiar 100% fast stilling - Rosendalstunet
Vi søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling på korttid / rehabiliteringsavdeling
Er du ein sjukepleiar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg, og som har ei særskild interesse for geriatrisk sjukepleie. Rosendalstunet er lokalisert i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden, og er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Institusjonen har 6 avdelingar - 60 plassar fordelt på langtid, demens og korttid / rehabilitering. Vi kan tilby eit godt fagmiljø innan demensomsorg, i somatisk avdeling og rehabilitering / palliasjon. Vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening i våre flotte treningslokale.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller anna turnus med langvakter. Det vert arbeid med moglegheiter for langvakter i vekedagane.
Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".
PS : Ny ordning for sletting av studielån – oppteninga har starta!
Frå i dag startar det : Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskaper
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
#J-18808-Ljbffr
Sjukepleiar Stilling • Rosendal, Vestland, Norge