Hovudoppgåva som ringevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
Me søkjer
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Barnehagen held til i eit hovudbygg bak Coop, og Solhall ved sida av legekontoret. Barnehagen har gangavstand til idrettshall, symjehall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområde.
Barnehagen har 7avdelingar (4 på hovudbygget og 3 på Solhall bygg).
Avdelingane samarbeider på morgonen og ettermiddagen, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre.
Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ynskjer å fremje positivt samspel og relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne. Dei tilsette har god kompetanse på Dei utrulege åra og nyttar dette i det daglege arbeidet. Er og litt i gang med Dinoskulen i førskulegruppa.
Barnehagen har tilgang til Radøyhallen 1 time pr dag slik at alle avdelingane har avsatt tid der. I tillegg får førskuleborna tilbod om vanntilvenning i terapibassenget.
Vi har og eit godt samarbeid med Manger barneskule der dei fleste av førskuleborna våre skal starter på skulen. Det er gangavstand frå barnehagen til skulen.
Begge bygga har fine uteområde. Avdelingane nyttar også turområder i nærmiljøet. Trygge, bilfrie gangvegar med tilknyting til skog og mark. Sjø og fjell er også i gangavstand. Me prøver at alle avdelingane har minst ein turdag i veka. Turane er tilpassa bornas alder og modning og skal gje tid og rom til det borna er opptatt av; vatn som sildrar, eit rart tre, ein traktor, å samle, sortere, samanlikna og så vidare. Vi går og på besøk til kvarandre på tvers av bygga. Det er kjekt å komme på ein anna leikeplass av og til.
#J-18808-Ljbffr
Tilkallingsvikar • Manger, Vestland, Norge