Oversikt
Vi har auka arbeidsmengd i Ålesundsområdet med fleire års varigheit, innanfor tunell- og vegbygging. Vi er derfor på utkikk etter deg som tek utfordringar på strak arm og har evne til å leie våre anlegg på ein stødig og god måte. Di oppgåve vil vere å planlegge og gjennomføre effektiv drift, og du vil ha ansvar for leiing av menneskelege og materielle resursar. Oppfølging av innkjøp, leveransar og underentreprenørar inngår også i rolla. Du må kunne arbeide sjølvstendig men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 75 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.
#J-18808-Ljbffr
Anleggsleder • Vestland, Norge