Overview
Dagleg leiar – Drivkraft, næringsstiftinga for Sogn og Fjordane, søkjer ein engasjert og visjonær dagleg leiar. Du får ei unik moglegheit til å stå i spissen for ei nyetablert stifting med eit klart mandat : Å fremje gründerverksemd, nyskaping og verdiskaping i heile regionen.
Drivkraft skal stimulere til omstilling og innovasjon, bygge sterke nettverk og bidra med risikokapital. Gjennom investeringar i nye idear, vekst og vidareutvikling vil stiftinga vere ei drivkraft for innovasjon og næringsutvikling.
Responsibilities
Som dagleg leiar i Drivkraft vil du ha ansvar for å leie og utvikle stiftinga i samsvar med vedteken strategi og mål. Du vil utvikle, implementere og følge opp investerings- og utviklingsstrategiar, samt arbeide for å byggje sterke relasjonar og samarbeidsarenaer med næringsliv, offentlege aktørar og innovasjonsmiljø. Du vil vere ein viktig representant for Drivkraft, og jobbe for å styrke stiftinga sin profil og påverknad.
I tillegg vil du ha ansvar for å rapportere til styret og sikre god forvaltning av stiftinga sine midlar og verdiar.
Qualifications
Vi ser etter ein initiativrik og strategisk leiar. Du har stor gjennomføringsevne og eit sterkt engasjement for regional utvikling. I tillegg til dette har du gjerne :
We offer
Vi tilbyr ei nøkkelrolle med stor påverknadskraft for næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Som dagleg leiar vil du jobbe tett på eit dynamisk næringsliv, som gir deg tilgang til eit breitt nettverk av spennande aktørar. Du vil få moglegheit til å bidra til varig verdiskaping i regionen, samstundes som du arbeider nært eit engasjert styre som vil gi deg både fridom og støtte for å lukkast.
I tillegg tilbyr vi konkurransedyktige vilkår og ei fleksibel kontorløysing i regionen.
Apply
Er dette ei reise du vil vere med på? Vi vil gjerne høyre frå deg!
Søknadsfrist 28. september.
Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denne siden.
Drivkraft background
Leiar prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner. Målet med Drivkraft er å vere ei pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.
#J-18808-Ljbffr
Dagleg Leiar • Førde, Vestland, Norge