Helsefagarbeidar / assistent på avdelinga i Førde
Eininga Butiltak psykisk helse gjev tenester til dei med større hjelpebehov. Eininga har to avdelingar, i Førde og på Vassenden. Stillinga som er utlyst er knytt til avdelinga i Førde. Avdelinga i Førde har 25 brukarar og om lag 30 tilsette. Personalbasen ligg på Prestebøen der mange av brukarane bur i omsorgsbustad.
Omtale av stillinga
Vi har kveld, langvakter og kvilande nattevakt i samband med seinvakta. Ein må berekne å gå alle typane vakter. Stillinga inneber arbeid kvar 3.helg, der den eine helga er kort.
Arbeidsoppgåver vil vere praktisk bistand og opplæring til brukarar. Dette inneber å hjelpe brukarar i dagleglivets gjeremål og ivareta deira psykiske helse, samt delta på aktivitetar knytt til avdelinga. Følgje opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer.
Vi søker deg som har :
Tilsette og vilkår
Gyldig politiattest av ny dato må leggast fram før start i stillinga. Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
#J-18808-Ljbffr
Assistent • Førde, Vestland, Norge