Overview
Fast stilling som fastlege på Vigrestad, i tillegg ledig vikariat på Nærbø legesenter frå slutten av året i samband med avvikling av spesialistpermisjon. Me er på jakt etter ein ny som kan bli ein del av den gode gjengen på Vigrestad legekontor. Kontoret fyller 40 år og kjernepersonellet har vore der heilt sidan starten. Stillinga kan eventuelt verta vurdert flytta til anna kommunalt kontor ved framtidige strukturelle endringar.
Legesenteret på Vigrestad består av 6 fastlegar, lis 1 og samarbeidande personell som hovudsakleg er sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, me har og psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådjevning. Kommunen arbeider med å leggja til rette for ytterlegare fastlegestillingar så om du tenkjer det er aktuelt å testa ut fastlegeyrket som vikar må du gjerne søkja her og skriva dette.
Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid. Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysningar dersom du treng ein dag fri.
Ansvarsområde og arbeidsoppgaver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Attestar og vitnemål
Tilsetjingsvilkår
#J-18808-Ljbffr
Fastlege • Nærbø, Rogaland, Norge