Er du vår nye pedagog eller assistent? Me har ledig eit 100% vikariat (med moglegheit for forlengelse).
Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.
Om arbeidsplassen
Me er ein arbeidsplass der dei små møtet slår ut i kvardagsmagien når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i naturen. Dei minste møter naturen på eigne premissar; barsfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten – saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i stor monn. Dei største syklar, klatrar i trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram. Vi byggjer eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnader skal prege all vår drift.
Ansvarsområder
Kvalifikasjonar
Me ynskjer å høyre frå deg som er utdanna eller har relevant erfaring, og som vil bidra til visjonen vår. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du må ta deg sjølv med på jobb.
Når
Me har ledig ei 100% vikariat med varigheit til 1. desember 2026 (med moglegheit for forlengelse).
Kontakt
Aktuelle kandidatar vert teke inn til intervju undervegs. Ta gjerne kontakt på anten mail eller telefon om du har spørsmål om stillinga.
#J-18808-Ljbffr
Barnehagelærer • Skimmeland, Vestland, Norge