Oversyn
Vil du spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Vi skal redusere bruken av privatbil og bidra til at folk kan klare seg utan eigen bil, samt sikre nullutslepp frå transporttenestene våre. Vi har gjort mykje med elektrifisering av buss, båt og ferje, og ser stadig nye moglegheiter og utfordringar som må løysast. Vi skal vere pådrivarar for berekraft og sirkulær økonomi gjennom heile verdikjeda, blant anna ved å stille krav til gjenvinning i bruk og produksjon av transportmateriell. Vårt viktigaste verkemiddel er å stille krav om nullutslepp og dokumentasjon på klimafotavtrykk når vi kjøper inn transporttenestene.
Vi treng deg som har god teknisk forståing, erfaring med utviklingsarbeid og anskaffingsprosessar, og som har eit hjarte for klima og miljø. I dette arbeidet vil du møte komplekse, tverrfaglege utfordringar og mange aktørar internt og eksternt. Du får viktige oppgåver med stor samfunnsnytte i eit arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjement.
Arbeidsområde – rådgjevar i ei faggruppe som arbeider med strategisk vidareutvikling av mobilitetstilbodet, med hovudvekt på omlegging til låg- og nullutsleppsløysningar og bidrag til at Skyss teken nullutsleppsløysingar i bruk på berekraftig og kundevenleg vis.
Arbeidsoppgåver
Du vil samarbeide tett med fagmiljø i Skyss og med andre delar av Vestland fylkeskommune, leverandørmarknaden og offentlege myndigheiter. Du vil få god moglegheit for fagleg utvikling og nettverksbygging internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Skyss tilbyr ei fagleg utfordrande og spanande stilling med stor samfunnspåverknad, eit engasjert arbeidsmiljø og moglegheit til å byggje nettverk og utvikle seg fagleg. Det er fleksibel arbeidstidsordning og høve til delvis heimekontor. Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår. Arbeidsstad i Bergen.
Andre opplysningar
Kontaktinformasjon
Einar Aalen Hunsager, leiar faggruppe tilbodsutvikling, ,
Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, ,
Arbeidsstad
Lars Hilles gate, Bergen
Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar : Vestland fylkeskommune
Referansenr. :
Stillingsprosent : 100%
Søknadsfrist :
Skyss er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, med mål om å nå politiske måla for kollektiv- og mobilitetstenester og gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå kvar du er til dit du skal. Skyss bidrar til å nå klimamåla i Parisavtalen gjennom ei forretningsmessig og digital transformasjon og byggje bru mellom dagens løysingar og eit framtidig mobilitetstilbod. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, med om lag 100 tilsette og eit budsjett på ca. 4 milliardar kroner.
#J-18808-Ljbffr
Rådgjevar/seniorrådgjevar • Bergen, Vestland, Norge