Oversyn
Sognekraft er eit konsern i vekst, som har ambisjonar om å utvikle dei flotte byggdene i Sogn. Me produserer kraft, overfører straum, leverer fiber til heimar og næring og tilbyr IKT-tenester – kort sagt bidreg me til å utvikle heile regionen. Med brei aktivitet og solide dotterselskap har konsernet ein unik økonomikompetanse, og saman jobbar me målretta for ein berekraftig framtid der vi jaktar etter digitale løysingar på både enkle og viktige arbeidsprosessar.
På økonomiavdelinga møter du eit kompetent team av kollegaer som samarbeider på tvers av fagfelt og selskapa i konsernet. Her er fleire med god erfaring, og me prioriterer å lære av kvarandre. Me utgjer økonomifunksjonen for alle selskapa i konsernet, føre rekneskap, jobbar med investeringar, finansiering, rådgjeving og rapportering. Du blir ein del av eit variert fagmiljø, der det er kort veg til meir ansvar og vidare utvikling.
Kvalifikasjonar og erfaring
Er du nysgjerrig på å jobbe i ein bransje der tal og analyse er heilt avgjerande for å sikre framtida? Då vil me høyre frå deg! Me søkjer ein som :
Grip sjansen – søknaden din kan bli starten på ein spennande jobbkvardag. Kanskje er du vår nye nøkkelperson innan digitale prosessar i økonomifunksjonen?
Arbeidsstad, vilkår og kultur
Kontorplassen er i Vik eller Sogndal. Helst ønskjer me at du er på nabokontoret i kvardagen, men kan vere open for at du treng å vere andre stader nokre arbeidsdagar. Som andre i kraftbransjen har me gode arbeidstidsordningar, forsikringar, pensjon og lønsvilkår. Fritidstilboda har du like utanfor kontordøra, på kort tid er du ved fjorden eller på 1000 høgdemeter og kan heile året boltre deg på tallause stiar og fjelltoppar, eller du kan oppsøkje det aktive kultur- og idrettslivet.
Er du nysgjerrig eller lurer på om du er kvalifisert? Me set pris på at du tek kontakt for ein uforpliktande og konfidensiell prat med økonomisjef Jon Arve Hatlevoll tlf. .
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om Sognekraft
Vil du vere i ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og torer å satse? Då er Sognekraft verksemda for deg.
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
#J-18808-Ljbffr
Økonomikonsulent • WorkFromHome, Vestland, Norge