Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda).Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar. Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt. Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde : Utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, medikasjon, ECT (som blir utført av avdeling for psykosomatikk), samtalebehandling med behandlingsteam, i grupper og individuelle samtalar, miljøterapi, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, oppfølging frå fysioterapeut, heimebesøk, samtalar med pasientens barn og pårørande.
Vi har ledig faste 17% helgestillingar som assistent med oppstart snarast / etter avtale.
Er du student og vurderer å jobbe innan psykiatri seinare, er dette ein jobb som gir mykje relevant erfaring.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tenker at du :
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Urd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar,
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Helse Bergen HF
Referansenr. :
Stillingsprosent : 17%
Fast
Startdato : Søknadsfrist :
Seksjonsleiar
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
#J-18808-Ljbffr
Assistent • Bergen, Vestland, Norge