Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Førstekonsulent / seniorkonsulent i dokumentasjons- og informasjonsforvaltning

Førstekonsulent / seniorkonsulent i dokumentasjons- og informasjonsforvaltning

Karlstad UniversityOslo, Oslo fylke, Norge
22 dager siden
Jobbeskrivelse

Seksjon for dokumentasjons- og informasjonsforvaltning (SDI) har no eit ledig vikariat som førstekonsulent / seniorkonsulent. Vikariatet har ei varigheit på eitt år, med moglegheit for forlenging.

Seksjonen sitt ansvar er å ta vare på og utvikle OsloMet si dokumentasjons- og informasjonsforvaltning. Dette gjer vi i tett dialog med resten av organisasjonen, slik at dei tilsette opplever SDI som ein ressurs som støttar opp om OsloMet sine arbeidsprosessar og tenester. Som medarbeidar i SDI vil du spele ei sentral rolle i å sikre at dokumentasjonskrava blir ivaretekne i samsvar med aktuelle lovkrav og moglegheiter.

SDI er organisert under Divisjon for organisasjon og infrastruktur, Avdeling for IKT. Seksjonen har i dag ein seksjonssjef og åtte engasjerte og dyktige medarbeidarar.

  • å gi brukarstøtte og opplæring til saksarbeidarar og leiarar

Du må ha

  • erfaring med bruk av sak- og arkivsystem, som Public 360 eller tilsvarande system
  • erfaring med opplæring og brukarstøtte
  • kjennskap til relevant lovverk, inkludert arkivlova med forskrifter, offentleglova, forvaltningslova og reglar om teieplikt og sensitive personopplysningar
  • utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Det er ein fordel om du har

  • erfaring frå arbeid i universitets- og høgskulesektoren
  • har gode samarbeidsevner og er opptatt av å dele kompetanse og erfaringar med kollegaer
  • At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt.

    OsloMet ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi jobbar aktivt for å vere ein inkluderande arbeidsplass og legg til rette for tilsette som har behov for særskild tilrettelegging. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, ønskjer vi deg òg velkomen som søkjar.

  • ei spennande stilling ved Noregs tredje største og mest urbane universitet
  • moglegheiter for fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Eventuelle omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originaldokumenta ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører dokumentkontroll for å sikre ei rettferdig vurdering av alle søkjarar.

    Andre opplysningar

    Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakte :

    Stillinga blir lønt i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i stillingskode 1408 førstekonsulent eller 1363 seniorkonsulent, med ei årsløn på kr 500 000 – 575 400, avhengig av kvalifikasjonar. Vi kan vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.

    Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.

    Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.

    Søknadsfrist : 21. september 2025

    Ref. : 25 / 14548

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Og • Oslo, Oslo fylke, Norge