Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Lege i spesialisering onkologi

Lege i spesialisering onkologi

Helse Midt-Norge RHFÅlesund, Møre og Romsdal, Norge
4 dager siden
Jobbeskrivelse

Om stillinga

Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling! Vi søker etter lege i spesialisering (LIS 2 / 3) som ønsker å vere med på å bygge det beste laget. Det er ønskeleg med oppstart , men dette kan avtalast. Hos oss får du ein detaljert plan for dei første vekene dine som nytilsett, etter mal utarbeida av våre dyktige LIS-legar med fadderansvar. Her blir du med andre ord tatt godt og ryddig i mot!

Det onkologiske tilbodet i Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består mellom anna av;

  • Fylkesdekkande sengepost og stråleterapi
  • Palliativt team, poliklinikk, Pusterom og Vardesenter i Ålesund
  • Kreftpoliklinikk, palliativt team og Pusterom ved SNR Hjelset / Kristiansund og Volda sjukehus

Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt med tanke på nye behandlingsmetodar og teknikkar. Faget gir gode høve for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken. Onkologiske legar i seksjonen er i dag delt inn etter faggruppene; uro / sarkom / CNS, gastrointestinal, malignt melanom, bryst / thyroidea og stråleterapi.

Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist

Arbeidsgivar Helse Møre og Romsdal HF

Stad Ålesund

Stillingstittel Lege i spesialisering onkologi

Stillingar 1

Heiltid / Deltid Heiltid

Tilsetjingsform Vikariat

Stillingsprosent 100

Webcruiter-ID

Startdato

Sluttdato

Sosial Deling Del på X Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Vekslar mellom polikliniske konsultasjonar og sengepost
  • Vurdering av tilvisningar
  • Deltaking på MDT-møter
  • Vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund avhengig av kompetansenivå
  • Deltaking i kliniske studier
  • Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Norge
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gamal ordning
  • Du har gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet
  • Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt og framoverlent miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du deler gjerne kunnskap med andre
  • Du har gute kommunikasjonsevner
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

    Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit sterkt fagmiljø i eit fag som er i rivande utvikling
  • Gode høve til utvikling av fagleg og kommunikativ kompetanse
  • Ei fin vaktordning med p.t. 8-delt primærvakt som du kan verte delaktig i, avhengig av kompetansenivå
  • Velkommen til oss - fadderordning av og for LIS
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

    Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

    Adresse : Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

    Openingsvegar (i ny fane)

    Kontaktinformasjon

    Synnøve Haram Rotnes

    Seksjonsleiar

    Telefon : E-post : synnø

    Om arbeidsgivaren

    Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gjer tenesta for innbyggjarane i fylket. Med rundt 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som arbeider for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsgivar vil vurdere søkarar si sida."

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Lege Spesialisering • Ålesund, Møre og Romsdal, Norge