Om avdelinga
Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens. Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette. For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter.
Om stillinga
Vi søkjer sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus. I utgangspunktet er dette arbeid kvar 3. helg, men dersom du ønskjer kan det vere mogleg med arbeid kvar 4. helg i langvakter. For eksterne søkjarar tilbyr vi rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil òg rette studentar, elevar, lærlingar og kollegaer.
Kompetansekrav
Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
Kven er du?
Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
Vi tilbyr
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video : #J-18808-Ljbffr
Og • Fonnebost, Vestland, Norge