Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei åremålsstilling i 50% som vitskapleg assistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga :
I videoprosjektet Praksisglimt legg vi til rette for auka kvalitet i lærarutdanningane samt for praksisnær forsking gjennom å samle inn videoopptak frå aktivitetar i skular / barnehagar. Videoopptaka legg grunnlag for forskingsbasert undervisning som også er tett kopla til praksis, samt forsking på praksis i både barnehagar og skular. Den vitskaplege assistenten vil jobbe nært på praksis, ved å kontakte skular / barnehagar for å avtale besøk og gi informasjon, samt besøke dei for å gjennomføre filming. Vidare vil assistenten arbeide med å behandle og redigere videomaterialet for vidare bruk innan undervisning og forsking. Det er og planar om følgjeforsking i prosjektet, der den vitskaplege assistenten til dømes vil jobbe med organisering av spørjeskjema og / eller gjennomføring av intervju, samt organisering og enkel analyse av den innsamla dataen. Assistenten vil inngå i eit aktivt forskingsmiljø på tvers av fagdisiplinar knytt til lærarutdanningane, der moglegheiter for fagleg samarbeid og arbeid mot publikasjonar tilknytt prosjektet inngår i stillinga.
Forskingsprosjektet SEMPER er eit NFR-støtta prosjekt med fokus på korleis lærarar best kan støtte elevar sine meistringsforventningar i matematikk. I prosjektet har vi mellom anna samla inn videodata frå klasseromsundervisning. Den vitskaplege assistenten vil arbeide med å skåre videodata gjennom bruk av ein protokoll for systematisk observasjon, CLASS, i tillegg til ein ny, intern, protokoll. Opplæring vil bli gitt. Assistenten vil gjennomføre eit CLASS sertifiseringskurs, og må bestå reliabilitetstestar for observasjonsskåring. Den vitskaplege assistenten vil soleis tileigne seg kompetanse i observasjon inkludert kurs i CLASS som er svært relevant for seinare arbeid som lærar eller i andre stillingar i praksisfeltet som har med profesjonell vidareutvikling av lærarar å gjere.
Ein prosentstilling vil kunne kombinerast med ein prosentstilling i skule eller barnehage.
Arbeidsstad er campus Sogndal. Ein meir fleksibel arbeidsstad kan vurderast for den rette kandidaten og dersom søkjar ønskjer det.
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Sogndal.
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver :
I stillinga vil du filme interaksjonar i skular og barnehagar (for Praksisglimt), og jobbe med å behandle og skåre videodatamateriale (for SEMPER og Praksisglimt). Inkludert i stillinga vil vere jamnleg kontakt med praksisfeltet for å gjere avtalar om filming og informere om prosjektet.
Som vitskapleg assistent vil du :
Mastergrad innan relevant fag, til dømes pedagogiske fag, psykologi, eller andre samfunnsvitskaplege fag som er relevante for stillinga.
Følgjande telpositivt i vurderinga :
Personlege eigenskapar :
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vertvurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna :
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølvlastaopp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerastfør opplasting eller leggjast ved som lenkje,total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Vigjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er :
#J-18808-Ljbffr
Assistent Assistent • WorkFromHome, Vestland, Norge