Om avdelinga vår
Kirurgisk og medisinsk sengepost er ein spennande avdeling med 9 sengeplassar, i tillegg til to ØHD-senger for Ullensvang kommune. Her jobbar dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, sekretærar og fysioterapeutar som saman skapar eit sterkt fagmiljø.
Vi tar imot pasientar med varierte problemstillingar og diagnosar som lunge- og hjartesjukdommar, infeksjonar, og ulike kirurgiske tilstandar. Hos oss blir du del av eit team som tilbyr daglege faglege utfordringar, noko som gir deg ei brei og verdifull erfaring.
Hos oss får du dele på oppgåvene – og lære meir i praksis. Som helsefagarbeidar får du vere med på oppgåver som til dømes å justere oksygenbehandling og følgje opp pasientar med veneflon (PVK). Vi legg til rette for at du får bruke kompetansen din, sertifisere deg, og samtidig utvikle deg vidare i samarbeid med sjukepleiarar og resten av teamet.
Blir du freista? Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med vår funksjonsleiar Andreas Jacobsen.
Velkommen til Odda – natur og kultur hand i hand! Odda er ein kulturby omgjeven av spektakulær natur, med aktivitetar året rundt. Her kan du gå tur i fjella, oppleve Trolltunga, klatre i Via Ferrata, eller nyte vinterens skiløyper og sommarskisenter i Jondal. Kulturlivet byr på noko for alle, med til dømes litteratursymposiet, Hardanger musikkfestival, NM i morellspytting og ei blueshelg. Søk no! Vi gler oss til å ønskje deg velkommen til Odda!
Stillinga er 80%, mulighet for 100% om det er ønskelig.
Kva går jobben ut på?
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Personlege eigenskapar vert vektlagd
Kva ser vi etter hos deg
Vi ser etter deg som :
Kvifor skal du velje oss?
Desse fordelane får du ved å jobbe hos oss :
Kontaktinformasjon
Andreas Jacobsen, Funksjonsleiar, ,
Kristin Espe Jensson, Fagutviklingssykepleier, ,
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 10
5750 ODDA
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Helse Fonna HF
Referansenr. :
Stillingsprosent : 80%
Fast
Startdato : Søknadsfrist :
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
#J-18808-Ljbffr
Helsefagarbeidar • Odda, Vestland, Norge