Talent.com
Dette jobbtilbudet er ikke tilgjengelig i ditt land.
Personalkonsulent

Personalkonsulent

ArbeidsplassenBergen, Vestland, Norge
5 dager siden
Jobbeskrivelse

Om avdelinga

Laboratorieklinikken / Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) har om lag 370 tilsette og er den største avdelinga tilhørande Laboratorieklinikken. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, 3 legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg. Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Om personal- og driftstøttegruppa :

Avdelinga har eigen seksjon for personal- og driftsstøtte som er ansvarleg for personaladministrative oppgåver. Seksjonen har i dag fem tilsette som gir rettleiing og bistår dei øvrige seksjonane og einingane i avdelinga når det gjeld personalarbeid. Personal- og driftstøttegruppa er ein stor bidragsytar i avdelinga sitt HMS arbeid og er ansvarleg forutarbeiding av arbeidsplanar til fleire av seksjonane i avdelinga. Dei tilsette i personal- og driftstøttegruppa deltar aktivt i rekruttering og oppfølging av nye tilsette og har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Driftsstøtte til sjefbioingeniør og avdelingleiar
  • Ansvar for personaladministrative oppgåver som turnusplanlegging, dag til dag styring i GAT med vaktlister og føring av fråvær
  • Delta i forbetringsarbeid ved avdelinga
  • Blodprøvetaking
  • HMS arbeid
  • Andre relevante arbeidsoppgåver etter behov, tilpassa avdelinga sine prioritaringar og utvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan helsefagleg utdanning
  • Erfaring frå personalarbeid og turnusplanlegging vil vere ein fordel
  • Gode datakunnskapar
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert arbeidsstil
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjonsevner og set pris på å samarbeide med kollegaer
  • Du ser etter løysingar
  • Nøyaktig, sjølvstendig og strukturert
  • Du har evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Sterk på avgjerder og gjennomføring
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i ei avdeling i utvikling, med kollegaer som er opptatt av å lære
  • Kollegaer som ser og tek vare på kvarandre i ein hektisk kvardag
  • Dagstilling
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbod
  • Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, ,

    Anne Grete Aune, Seksjonsleiar, ,

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon

    Arbeidsgivar : Helse Bergen HF

    Referansenr. :

    Stillingsprosent : 100%

    Vikariat

    Startdato : Sluttdato :

    Søknadsfrist :

    #J-18808-Ljbffr

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Personalkonsulent • Bergen, Vestland, Norge