Øygarden legekontor på Rong søkjar ny fastløna fastlege i 60% stilling. Heimelen er nyoppretta og vil ha ca 600 pasientar på lista. Ein nyttar WebMed som journalsystem. Kontoret har 6 fastlegar , 4 helsesekretærer og ein LIS1 lege samt eigen kontorleiar.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Ønskte eigenskapar
Ønskjer ikkje å bli kontakta av vikarbyrå
Informasjon om søknadsprosessen
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om Øygarden kommune
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
#J-18808-Ljbffr
Fastlege • Straume, Vestland, Norge