Viseinstituttleiar ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 5150 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet : "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening og praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og simulering ved vårt avanserte simuleringssenter, SimArena. Fakultetet legger vekt på fleksible læringsformer og oppmodar studentane til å delta aktivt i forsking og utviklingsarbeid.
Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 195 tilsette og om lag 3000 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling og folkehelse, masterstudium i avansert klinisk allmennsjukepleie og master i sjukepleie - kliniske spesialitetar, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår har som mål å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig åremålsstilling som viseinstituttleiar ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap
Fakultet for helse- og sosialvitskap søkjer viseinstituttleiar for Institutt for helse- og omsorgsvitskap i fireårig åremålsstilling, med tiltreding .
Viseinstituttleiar skal støtte instituttleiar i strategisk utvikling av instituttet, deltek i instituttet si leiargruppe og er avløysar for instituttleiar.
Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.
Arbeidsstad er ein av høgskulen sine campusar i Bergen, Førde, Haugesund eller på Stord.
Viseinstituttleiar skal støtte instituttleiar i oppgåvene som ligg til instituttleiarfunksjonen :
Personlege eigenskapar :
Stillinga som viseinstituttleiarer lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, somattester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annadokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Vigjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsladersomønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå eibalansert alders- og kjønnssamansetjing ogrekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og holi CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvendingi behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endrasom følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Viseinstituttleiar (dekan frå )
#J-18808-Ljbffr
Ved Institutt For Og • Bergen, Vestland, Norge