Stipendiat i kulturvitskap
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 4. mai 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stipendiatstillinga er øyremerka eit ph.d.-prosjekt om naturkultur-relasjonar i musea, og skal bidra til å styrkje forsking, forskingskompetanse og samarbeid om FoU-oppgåver i musea.
Stillinga er lyst ut i samband med prosjektet NAMUS, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Musea i Sogn og Fjordane, Hardanger og Voss Museum og Museum Vest samt ei ekstern referansegruppe med leiande internasjonale ekspertar. Stipendiaten vil dermed bli ein del av ei tett samarbeidande forskingsgruppe som arbeider med museumsfaglege spørsmål i nær tilknyting til både universitetsmiljø og museumssektoren.
Stipendiaten vil få høve til å samarbeide med toppforskarar på feltet, delta på konferansar og seminar i inn- og utland og gjere eit større, samanhengande feltarbeid i utvalde institusjonar ved dei konsoliderte musea i Vestland fylke.
Om NAMUS :
The Nature of Museums : On the Interweaving of Nature and Culture in Museums (NAMUS), er eit prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd for perioden 2026-2029.
Prosjektet fokuserer på korleis det moderne skiljet mellom natur og kultur kjem til uttrykk ved norske museum og byggjer på eit rammeverk som kombinerer kulturvitskapelege og kulturhistoriske perspektiv på musea med historiefagleg og sosialantropologisk innsikt.
Vi søkjer ein kandidat som med utgangspunkt i musea i Vestland utviklar eit prosjekt knytt til korleis naturkultur-relasjonar har kome / kjem til uttrykk i t.d. museumsetableringar, tradisjonshandverk, samlings- og formidlingspraksisar og i ulike måtar å forstå historie, kultur- og naturarv på i den antropocene tidsalder. Prosjektbeskrivinga med meir informasjon om ulike forskingstema i NAMUS er tilgjengeleg på nettsida til Musea i Sogn og Fjordane.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga :
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.
Samla stipendperiode er tre år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar :
Søkjaren må ha :
Det er ein føremon å ha :
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Hos oss får du :
Slik søkjer du stillinga :
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande :
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Formelle reguleringar :
Generell informasjon :
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Teemu Ryymin, e-post : teemu.ryymin@uib.no, tel. : +47 55 58 38 79 eller prosjektleiar, førsteamanuensis Torgeir Rinke Bangstad, e-post : torgeir.bangstad@uib.no, tel. : +47 400 90 380.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post : fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
via Unsplash
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
via Unsplash
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Spørsmål om stillinga
Teemu Sakari Ryymin
Instituttleder
teemu.ryymin@uib.no
Torgeir Rinke Bangstad
Førsteamanuensis
torgeir.bangstad@uib.no
Stipendiat • Bergen, NO