Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisiner det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på tre (3) år.
Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektetReproductive Interfaces : Politics, Power and Patient Care in Second Trimester Abortion in a Scandinavian Welfare State, finansiert av Forskningsrådet (FRIPRO). Prosjektet undersøker korleis abort i andre trimester blir regulert og praktisert i Noreg, og korleis politikk, makt og pasientomsorg verkar saman i utforminga av reproduktive helsetenester i ein skandinavisk velferdsstat.
Stipendiaten vil inngå i arbeidspakke 3 , som undersøker erfaringane til personar som søkjer abort i andre trimester og til helsepersonell som gir denne typen omsorg. Arbeidspakka har som mål å utforske korleis det byråkratiske og kliniske systemet påverkar dei abortsøkjandesine opplevingar og val, frå vurderinga av abort til sjølve inngrepet og eventuell oppfølging.
Særleg merksemd vil bli retta mot erfaringane til sårbare grupper. Arbeidspakka søkjer å utvikle ny kunnskap om korleis abortomsorg blir erfart og utøvd i praksis.
Prosjektet blir leia av førsteamanuensis Marte E. S. Haaland ved Universitetet i Bergen, og gjennomførast i samarbeid med eit tverrfagleg forskarteam innan antropologi, helsevitskap, juss og etikk. Stipendiaten vil vere del av forskingsgruppaGlobal helseantropologi, som er del av fagområdet Helsevitenskap og er del eitt aktivt fagmiljø for samfunnsvitskapleg helseforsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg .Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet omHK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Prosjektskildringa til Reproductive Interfaces : Politics, Power and Patient Care in a Norwegian Welfare State, samt nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Marte E. S. Haaland, , tlf :
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
#J-18808-Ljbffr
Stipendiat Institutt • Bergen, Vestland, Norge