Talent.com
Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologi
Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologiUniversity of Bergen • Bergen, NO
Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologi

Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologi

University of Bergen • Bergen, NO
14 dager siden
Jobbeskrivelse

Førsteamanuensis i kvartærgeologi og paleoklimatologi

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

  • ...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Førsteamanuensis

Ved Institutt for geovitenskap (GEO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan kvartærgeologi og paleoklimatologi.

Den som får stillinga, skal ta initiativ til og levere forsking av høg kvalitet, tiltrekkje ekstern finansiering, og etablere eit høgt nivå av nasjonal og internasjonal aktivitet og samarbeid, med potensial til å bli ein leiande fagperson.

Om instituttet

Instituttet er stort og har brei forskings- og utdanningsprofil, med fleire forskingsgrupper som ligg i front innan sine felt. Gjennom forsking, innovasjon og undervisning skal instituttet bidra med geofagleg kompetanse for å løyse utfordringar Noreg og verda står overfor i dag og i framtida. Instituttet underviser og forskar innan heile geofaget, med fokus på energiomstilling, klima, miljø, geofarar inkludert marin forsking som strategiske satsingsområde. Vi har om lag 170 tilsette, inkludert ca. 40 professorar og førsteamanuensar. Instituttet tar del i arbeidet på Bjerknessenteret for klimaforsking og Senter for framifrå forsking SapienCE. Som vertsinstitutt for Senter for framifrå utdanning iEarth, satsar vi på ein undervisningskultur som fremjar studentaktive og samskapande læringsformer.

Vi driv fleire laboratorium og forskingsinfrastrukturar, nokre med status som nasjonal infrastruktur. Den som får stillinga, vil ha tilgang til desse fasilitetane for undervisning og forsking. Vi søkjer ein kandidat som kan integrere desse fasilitetane i forskinga si og bidra til vidare utvikling.

Arbeidsoppgåver / forskingsområde :

Vi søkjer ein ambisiøs og engasjert fagperson som kan komplettere vår ekspertise innan terrestrisk og marin kvartærgeologi, paleoklimatologi, paleoceanografi og glasialgeologi, og som er villig til å kombinere modellering med felt- og laboratoriebasert datainnsamling.

Kandidaten bør ha dokumentert forsking av internasjonal klasse som bidreg til forståing av klimasystemet gjennom studiar av terrestriske arkiv. Kandidaten bør har vilje til å nytte tverrfaglege tilnærmingar og vere villig til å samarbeide breitt innan klimaobservasjon, rekonstruksjon og modellering. Kandidaten bør òg vere motivert for å formidle forskingsresultat og gjere desse tilgjengeleg for samfunnet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar :

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan kvartær paleoklima, jordsystemvitskap eller nærliggjande fagområde.
  • Søkjarar må ha kompetanse i avanserte analytiske metodar, og evner / idéar til å bruke og utvikle laboratorieinfrastrukturane ved instituttet.
  • Erfaring med både felt- og laboratoriebasert terrestrisk paleoklimaforsking er eit krav.
  • Dokumenterte resultat innan undervisning og rettleiing i samsvar med karrierestigen er eit krav.
  • Forsking på høgt internasjonalt nivå, samt å ha eit internasjonalt nettverk, er eit krav.
  • Søkjarar må ha ei solid publikasjonsliste med fagfellevurderte arbeid av høg kvalitet, som står i høve til karrierestadium.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i engelsk.
  • Ferdigheiter i eit skandinavisk språk er ein fordel.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Det blir òg lagt vekt på evne og vilje til å formidle forskingsresultat og styrkje dialogen mellom forsking og allmenta.

    Særeigne krav for stillinga

    UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

    Krav til utdanningsfagleg kompetanse

    Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing
  • Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

    Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

    Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

    Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

    Vi kan tilby :

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr 760 000 til kr 920 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
  • Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her : Opprykk til professor | Fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB.

    Søknaden skal innehalde :

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider).
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor).
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte.
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid.
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

    Generell informasjon :

    Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, telefon +47 55583503 / e-post : jostein.bakke@uib.no eller til instituttleiar professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitenskap, telefon +47 55583390 / e-post : atle.rotevatn@uib.no.

    For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, epost : mathilde.hogalmen@uib.no.

    Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

    Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

    Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

    Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

    Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

    Nærare om tilsettingsprosessen her.

    via Unsplash via Unsplash

    Om Universitetet i Bergen

    Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

    Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

    Spørsmål om stillinga

    Jostein Bakke

    Professor

  • 47 55583503
  • jostein.bakke@uib.no

    Atle Rotevatn

    Professor

  • 47 55583390
  • atle.rotevatn@uib.no.

    Opprett et jobbvarsel for dette søket

    Frsteamanuensis i kvartrgeologi og paleoklimatologi • Bergen, NO

    Lignende jobber
    Senior vegplanlegger

    Senior vegplanlegger

    ARX Group • Bergen, Western Norway, Norway
    Quick Apply
    ARX Group AS er en sentral og viktig aktør i Norges største pågående samferdselsprosjekt Rv555 Sotrasambandet, på Vestlandet, hvor vi prosjekterer tunneler, veier, bruer, vann og avløp (VA), geotek...Vis mer
    Sist oppdatert: 30+ dager siden
    TRB AS søker erfaren elektroingeniør og nyutdannet VVSingeniør

    TRB AS søker erfaren elektroingeniør og nyutdannet VVSingeniør

    B7 People AS • Godvik, Vestland, Norway
    Vi søker på vegne av TRB AS som leverer ingeniørtjenester innen elektro og VVS i Bergen og omegn.Vi legger stor vekt på innovasjon, bærekraft, kvalitet og et godt arbeidsmiljø.For å møte økende ett...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet
    Er du teknisk, liker tall, og vil jobbe med salg av fotballreiser?

    Er du teknisk, liker tall, og vil jobbe med salg av fotballreiser?

    Scalers • Laksevåg, Vestland, NO
    Quick Apply
    Scalers er et rekrutteringsbyrå som hjelper elitebredrifter å finne ansatte som passer dem.Som jobbsøker i Scalers matcher vi DEG med en bedrift som passer DINE behov. Vi søker nå en engasjert og am...Vis mer
    Sist oppdatert: 6 days ago
    B7people søker mekanikere og platearbeidere til rotasjonsarbeid

    B7people søker mekanikere og platearbeidere til rotasjonsarbeid

    B7 People AS • Godvik, Norway
    B7 People samarbeider med en betydelig aktør innenfor mekanisk industri som er kjent for sitt fokus på kvalitet, sikkerhet og miljømessige hensyn. Vår klient er i vekst og søker dyktige mekanikere o...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet
    Lønnsmedarbeider

    Lønnsmedarbeider

    TomaGruppen • Fyllingsdalen, NO
    Quick Apply
    Perfekt for deg som vil bygge kompetanse innen lønn og HR, trives med ansvar og liker å gjøre ting skikkelig – sammen med folk som heier på hverandre.Tomagruppen styrker l...Vis mer
    Sist oppdatert: 7 days ago
    Nytt år - nye muligheter for å skape glede, lek og latter i barnehage!

    Nytt år - nye muligheter for å skape glede, lek og latter i barnehage!

    Adecco Karrieresenter • Bergen, Vestland, Norway
    Vil du starte året med en jobb som gir mening? Ønsker du en endring i arbeidshverdagen, søker jobb ved siden av studier eller har friår?. Hos Adecco Pedagogisk får du en meningsfull jobb som.Dette e...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet
    Kjøkkenmedarbeider

    Kjøkkenmedarbeider

    Sabrura Sticks & Sushi • Loddefjord, Vestland, NO
    Quick Apply
    Helt siden Sabrura åpnet i Trondheim i 2012 har målet vært å gjøre sushi til hverdagskost.Og det har vi klart! I 2022 har vi blitt mange restauranter som er høyt elsket av folk i alle aldre.Vi er i...Vis mer
    Sist oppdatert: 21 days ago
    Vi søker Kreativ kantineleder til Toma sitt nyeste tilskudd i Solheimsviken!

    Vi søker Kreativ kantineleder til Toma sitt nyeste tilskudd i Solheimsviken!

    TomaGruppen • Begen, NO
    Quick Apply
    På Fenderen skal vi levere vårt matkonsept NYT med variert frokost, lunsj og møtemat.Det vil være ca 170-200 interne gjester per dag. I Solheimsviken har vi pr nå totalt 110...Vis mer
    Sist oppdatert: 30+ dager siden
    Salgskonsulent -Er du klar for en rolle der hver kundeopplevelse teller – og du gjør en forskjell

    Salgskonsulent -Er du klar for en rolle der hver kundeopplevelse teller – og du gjør en forskjell

    TomaGruppen • Fyllingsdalen, NO
    Quick Apply
    Vil du selge tjenester som faktisk gjør hverdagen enklere for folk?.I Toma Facility Norge leverer vi tjenester som gjør en forskjell – renhold, kantine, teknisk drift, sikkerhet og ...Vis mer
    Sist oppdatert: 14 days ago
    Vi søker engasjerte barnehagemedarbeidere!

    Vi søker engasjerte barnehagemedarbeidere!

    Adecco Karrieresenter • Bergen, Vestland, .NO
    Quick Apply
    Adecco er et av Norges ledende rekrutterings- og bemanningsselskap.Hvert år hjelper vi hundrevis av mennesker til å finne en ny jobb. På kundelisten har vi attraktive bedrifter som trenger kompetent...Vis mer
    Sist oppdatert: 2 days ago
    TRB AS søker erfaren elektroingeniør og nyutdannet VVS ingeniør

    TRB AS søker erfaren elektroingeniør og nyutdannet VVS ingeniør

    B7 People AS • Godvik, Vestland, NO
    Quick Apply
    Vi søker på vegne av TRB AS som leverer ingeniørtjenester innen elektro og VVS i Bergen og omegn.Vi legger stor vekt på innovasjon, bærekraft, kvalitet og et godt arbeidsmiljø.For å møte økende ett...Vis mer
    Sist oppdatert: 30+ dager siden
    Trives du med mat og mennesker? Bli en del av vårtkantineteam i Bergen!

    Trives du med mat og mennesker? Bli en del av vårtkantineteam i Bergen!

    Adecco Karrieresenter • Bergen, Vestland, Norway
    For vår kunde ser vi etter flere kantineassistenter.Vi ser etter deg som kan stille opp på kort varsel, som liker å jobbe med mat og brenner for kundeservice. Du må kunne jobbe rundt på ulike lokasj...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet
    Vi søker dyktige tømrere til prosjekter i Bergen

    Vi søker dyktige tømrere til prosjekter i Bergen

    B7 People AS • Godvik, Vestland, Norway
    B7 People søker på vegne av en solid entreprenør med flere pågående prosjekter i Bergen og omegn.Vår oppdragsgiver er kjent for høy standard på kvalitet og sikkerhet, samt et sterkt fokus på bærekr...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet
    Bedriftsrådgiver | 55 000 gj. lønn | Nordisk Ventilasjonsrens | Bergen

    Bedriftsrådgiver | 55 000 gj. lønn | Nordisk Ventilasjonsrens | Bergen

    Workation AS • Kokstad, Vestland, NO
    Quick Apply
    Hos Workation er vi dedikert til å koble arbeidsgivere til den mest sultne arbeidskraften, uansett bransje.Vår omfattende erfaring innen rekruttering gjør oss i stand til å forstå og tilpasse oss u...Vis mer
    Sist oppdatert: 30+ dager siden
    Bedriftsrådgiver mot små og mellomstore bedrifter

    Bedriftsrådgiver mot små og mellomstore bedrifter

    Scalers • Laksevåg, Vestland, NO
    Quick Apply
    Scalers er et rekrutteringsbyrå som hjelper elitebredrifter å finne ansatte som passer dem.Som jobbsøker i Scalers matcher vi DEG med en bedrift som passer DINE behov. Ønsker du å tjene 50k+ kr hver...Vis mer
    Sist oppdatert: 30+ dager siden
    Rørleggere til langvarige prosjekter

    Rørleggere til langvarige prosjekter

    B7 People AS • Godvik, Vestland, Norway
    Vi søker på vegne av erfarne entreprenører som utfører rørleggingsarbeid for større og langvarige prosjekter i Bergen og omegn. Oppdragsgiverne våre har lang erfaring innen VA, fjernvarme og infrast...Vis mer
    Sist oppdatert: 23 days ago • Forfremmet
    B7people søker mekanikere og platearbeidere tilrotasjonsarbeid

    B7people søker mekanikere og platearbeidere tilrotasjonsarbeid

    B7 People AS • Godvik, Norway
    B7 People samarbeider med en betydelig aktør innenfor mekanisk industri som er kjent for sitt fokus på kvalitet, sikkerhet og miljømessige hensyn. Vår klient er i vekst og søker dyktige mekanikere o...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet
    Vil du jobbe som lastebilsjåfør i Bergen?

    Vil du jobbe som lastebilsjåfør i Bergen?

    Adecco Karrieresenter • Bergen, Vestland, Norway
    Er du en pålitelig sjåfør som trives bak rattet?.Vi søker nå etter engasjerte sjåfører til spennende og varierte oppdrag med distribusjon i Bergensområdet. Er du åpen for noen korte og lengre oppdra...Vis mer
    Sist oppdatert: 26 days ago • Forfremmet