- Søk jobber
- lote, no
Jobber i Lote, no
Økonomimedarbeidar
Stabseining for økonomi, Stad kommuneNORDFJORDEID, VESTLAND, NORGERisk Manager - Kraftforvaltning
NTE ASnordfjordeid, NOSjukepleiar / vernepleiar
Nordfjord psykiatrisenter, Helse FørdeNORDFJORDEID, VESTLAND, NORGEHelgestillingar
Heimetenesta, Gloppen kommuneSANDANE, VESTLAND, NORGESommarvikar matros / dagmann i sambandet Lote - Anda
Fjord1 ASAlote, NOLeiar for skulefritidsordning
Sandane skule, Gloppen kommuneSANDANE, VESTLAND, NORGEKarriereveileder søkes til jobbsøkerkurs SNAREST
Ifront KarriereNORDFJORDEID, VESTLAND, NORGEØkonomimedarbeidar
Stabseining for økonomi, Stad kommuneNORDFJORDEID, VESTLAND, NORGEØkonomimedarbeidar
ArbeidsgiverStabseining for økonomi, Stad kommuneStedRådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomimedarbeidar frå 01.12.2023.
Stillinga er plassert i stabseining økonomi, som er lokalisert i Stad rådhus på Nordfjordeid. Stabseining økonomi har ansvar for mellom anna budsjett, rekneskap, fakturering, innkrevjing, finansforvaltning og er ein sentral støttefunksjon for kommunalområda og einingane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Utrekning av brukarbetaling for kommunale tenester
- Utrekning av tilskot til private barnehagar
- Andre daglege arbeidsoppgåver innafor budsjett og rekneskap
- Medverke til å utvikle og forbetre rutinar og reglement
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt med økonomisjef Ole Starheim på telefon 91 32 01 44 for ein prat om stillinga!
Kontaktinformasjon
Ole Starheim, Økonomisjef, 91 32 01 44,
Arbeidsstad
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon :
Arbeidsgivar : Stad kommune
Referansenr. : 4719254073
Stillingsprosent : 100%
Fast
Søknadsfrist : 29.10.2023
Om arbeidsgiveren
ArbeidsgiverStabseining for økonomi, Stad kommuneAdresseRådhusvegen 11, 6770 NordfjordeidHjemmeside
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Om stillingen
Stillingstittel : Økonomimedarbeidar i Stad kommuneAntall stillinger : 1AnsettelsesformFastProsent100 %Heltid / deltidHeltidSektorOffentligArbeidsdagerUkedagerArbeidstidDagtid